Storkonsert i Mexico blir kinofilm
Song for 18.000 på «de dødes dag».


I går blei det kjent at Aurora sin konsert i Mexico blir kinofilm. Premieren på «Aurora – What Happened to the Earth» er sett til 4. mars, billettsalet startar torsdag i neste veke.
– Vi visste at det kom til å bli noko heilt spesielt, så vi bestemte oss for å laga ein film av det, seier Aurora til NME.com.
«What Happened to the Earth» var Aurora sin femte verdsturné basert på hennar femte studioalbum, eit album med same tittel.
Turneen omfatta nær 90 konsertar i Europa, Latin-Amerika, Nord-Amerika, Asia og Australia.
Dette er Aurora sin første konsertfilm, og han dokumenterer den største konsertframsyninga ho nokon gong har hatt som hovudartist: ein utseld konsert for 18.000 menneske i Palacio de los Deportes i Mexico City, halden på Día de los Muertos (de døde sin dag).
– Det var ein draum som gjekk i oppfylling, særleg fordi eit så stort publikum også kunne vera så stille. Og så roleg. Det kjendes intimt, sjølv om ansikta i publikum strekte seg langt rundt heile arenaen.
– Alle desse menneska, samla rundt scena berre fordi dei elskar musikk. Vi visste at dette kom til å bli noko heilt spesielt, så vi bestemte oss for å laga ein film av det. Med oss alle – og dykk alle. Eg håpar de vil lika han.
Filmen er laga og distrubuert i samarbeid med Trafalgar, Mercury Studios og Fontana, regissert av Gonzalo Lopez og remastra i 4K-oppløysing.
Han inneheld både stille balladar som «Dreams» og «Exist for Love», og publikumsfavorittar som «Runaway», «The Seed» og «Churchyard».
I tillegg til konsertopptaka får publikum òg eksklusive intervju med fans, som viser fellesskapen som har vakse fram rundt musikken hennar – kjent som «Warriors and Weirdos».
Filmen er førebels ikkje å sjå på den norske kinobransjen si nettside, filmweb.no, sitt program for året.





