Lokal | 07. mai 2018

Storopprydding i Sørstrøno

I Strøno fekk dei uventa god hjelp - i Langedalen ser det ut til å vera nokon som har misforstått fullstendig.

Storopprydding i Sørstrøno
Ryddegjengen i Sørstrøno fann mykje boss - og ein eigarlaus båt. (Lesarfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. mai 2018 07:13

Bildeserie:

Mykje plast og ein heil båt blei funnen i Sørstrøno. (Lesarfoto)
Mykje plast og ein heil båt blei funnen i Sørstrøno. (Lesarfoto)
Samba AS kom med Fox Tørres for å hjelpa til. (Lesarfoto)
Samba AS kom med Fox Tørres for å hjelpa til. (Lesarfoto)
Resten tok strønefolket seg av. (Lesarfoto)
Resten tok strønefolket seg av. (Lesarfoto)
I Langedalen er nokon kasta i staden for å rydda. (Lesarfoto)
I Langedalen er nokon kasta i staden for å rydda. (Lesarfoto)
– Uforståeleg at folk får seg til å gjera slikt i desse dagar, meiner innsendar.
– Uforståeleg at folk får seg til å gjera slikt i desse dagar, meiner innsendar.
1 av 5

Midt i Os kommune si ryddeveke, på den offisielle strandryddedagen laurdag, gjorde ein gjeng frå Sørstrøno ein grundig jobb langs sjøen frå Husfjelltangen til og med Strøneneset.

– I tillegg til plast, isopor og impregnert treverk fann vi to bilbatteri og ein eigarlaus båt, fortel ein av deltakarane, Øystein Skorpen.

No takkar han arbeidsbåtreieriet Samba AS på naboøya for god hjelp.

– Eg kontakta Emil Brimsholm i Samba og han responderte raskt.

– Brimsholm sendte trimaranen Fox Tørres for å hjelpa oss med å få båten fjerna. Eit supert bidrag for å halda den vakre skjergarden vår ryddig og rein!

• Les òg: Elevar fann tatoveringsmaskin på ryddedugnad

Brukte ryddeveka på å kasta plast i skogen

Mens ryddegjengen i Sørstrøno er glad og nøgd har forbipasserande over Langedalen blitt skuffa.

– Her ligg det slengt 5-6 plastsekkar med boss! Det er heilt utruleg at nokon får seg til å gjera noko sånt, spesielt med tanke på alt fokuset det har vore på både plast og dugnadsinnsats den siste tida, meiner innsendar.

Plastsekkane ligg i terrenget og delvis nedi ein bekk på Lysekloster-sida av den kommunale vegen. Området har fleire gongar tidlegare vore utsett for forsøpling.

– Dessverre ligg desse sekkane utanfor sona som kameraovervakinga dekker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.