Lokal | 14. des. 2015

Størst nynorsk-auke i landet

Os er den fjerde største nynorsk-kommunen i landet – og veks mest.

Størst nynorsk-auke i landet
Os kommune er det fjerde største nynorskkommunen i landet. Lysekloster-elevane bidreg til dette. (Illfoto: KVB)
Cathrin Valestrandmandag 14. des. 2015 09:42

Per i dag er Os kommune den fjerde største nynorsk-kommunen i landet, etter Stord, og jær-kommunane Hå og Time, melder framtida.no.

(Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.)

Oppmodar om nynorsk

Os hadde den største veksta i talet nynorskelevar i år samanlikna med i fjor.

Kommuen kan skilta med ei auke på 122 nynorsk-elevar.

Samstundes går talet på bokmålselevar ned i Os.

– Me oppmodar foreldre til å velja nynorsk som hovudmål for elevane sine, seier ordførar Terje Søviknes til framtida.no.

– Det gjer me fordi nynorsk er ein del av identiteten vår som nynorskkommune. I tillegg er det ein kostnad med klassedeling som følgje av språk, og ikkje storleik på klassane, seier han.

Siktar mot toppen

Dei fleste kommunane med auke er vekstkommunar langs vestlandskysten. Os kommune er den av vekstkommunane rundt Bergen som har flest nynorskelevar. Om veksta held fram kan Os toppa statistikken om få år.

Totalt sett er det 76.389 elevar med nynorsk som hovudmål, 24.118 av desse i Hordaland. Av desse igjen er 2.256 i Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.