Lokal | 31. jan. 2016

Storstilt utbygging på Ravneberghaugen

Lyst, nytt og funksjonelt, med gode samarbeidsareanaer, er nøkkelord for påbygginga av rehabiliteringssenteret på Nore Neset.

Storstilt utbygging på Ravneberghaugen
Prosjektleiar frå Malthus, Bjørnar Gilje, tok med seg byggekomitéen med Ranveig Klingsheim, Silje L. Soldal, Liv Bente Turøy og Nina Farsund og Midtsidens utskremte på synfaring. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandsøndag 31. jan. 2016 17:53

Bildeserie:

Inspeksjon av gangane i nybygget «på haugen» (Foto: Cathrin Valestrand)
Inspeksjon av gangane i nybygget «på haugen» (Foto: Cathrin Valestrand)
Bjørnar Gilje og Ranveig Klingsheim utveksla informasjon og løyste utfordringar under synfaringa. (Foto: Cathrin Valestrand)
Bjørnar Gilje og Ranveig Klingsheim utveksla informasjon og løyste utfordringar under synfaringa. (Foto: Cathrin Valestrand)
Dei måtte til med ekstra sikring av bergknausen utanfor då det vart avdekt ein gamal buplass under der. (Foto: Cathrin Valestrand)
Dei måtte til med ekstra sikring av bergknausen utanfor då det vart avdekt ein gamal buplass under der. (Foto: Cathrin Valestrand)
Det er flott utsikt frå den nye terrassen utanfor treningssalane. (Foto: Cathrin Valestrand)
Det er flott utsikt frå den nye terrassen utanfor treningssalane. (Foto: Cathrin Valestrand)
Utsikt til «haugen» frå nybygget på skrenten (Foto: Cathrin Valestrand)
Utsikt til «haugen» frå nybygget på skrenten (Foto: Cathrin Valestrand)
Dei nye treningsfasilitetane tek form (Foto: Cathrin Valestrand)
Dei nye treningsfasilitetane tek form (Foto: Cathrin Valestrand)
Gardiner er neste post på programmet for byggekommitéen.
Gardiner er neste post på programmet for byggekommitéen.
1 av 7
Inspeksjon av gangane i nybygget «på haugen» (Foto: Cathrin Valestrand)
Bjørnar Gilje og Ranveig Klingsheim utveksla informasjon og løyste utfordringar under synfaringa. (Foto: Cathrin Valestrand)
Dei måtte til med ekstra sikring av bergknausen utanfor då det vart avdekt ein gamal buplass under der. (Foto: Cathrin Valestrand)
Det er flott utsikt frå den nye terrassen utanfor treningssalane. (Foto: Cathrin Valestrand)
Utsikt til «haugen» frå nybygget på skrenten (Foto: Cathrin Valestrand)
Dei nye treningsfasilitetane tek form (Foto: Cathrin Valestrand)
Gardiner er neste post på programmet for byggekommitéen.

1120 nye kvadratmeter skal stå klare ved rehabiliteringssenteret til offisiell opning 12. april.

Tilbygget inkluderer både pasientrom, behandlingsrom og administrasjonsfløy. Dagleg leiar Ranveig Klingsheim legg ikkje skjul på at ho gler seg til å få litt større boltreplass.

– Vi er blitt så mange, 51 fast tilsette fordelt på 38 årsverk. No får alle den kontorplassen dei treng, vi får personalrom som gjer at vi kan samlast alle, og ikkje eta å skift i små grupper.

– Mykje av det som er administrasjonsareal i dag skal bli brukt til service-funksjonar om ein kan kalla det for det. Her får reinhalds- og vaktmeisterfunksjonane base. Og så godt at «kontorkabalen» min kan leggjast til side.

Aktiv rehabilitering

I dag har rehabiliteringssenteret plass til 34 døgnpasienter og 8 dagpasienter. Vurderingseiniga i Helse Vest vurderer søknadane frå fastlegane. Ellers så har Ravneberghaugen 20 pasientplassar, sjukehusteamet, der sjukehusa prioriterer kven som treng spesialisert rehabilitering. Og det er konstant ventelister.

– Vi ligg under spesialisthelsetenesta. Tilbodet vårt er bygd opp kring individuell behandling, gruppebehandling og eigentrening. Pasientane vert alltid oppmoda til eigeninnsats. Dei som trur det er rekreasjon, som i avslapping, å koma her, må kanskje tenkja om igjen, ler Klingsheim.

– Det er ikkje utan grunn at i påbygget utpå skrenten kjem det ein ekstra treningssal, og nytt styrkerom. Desse er forresten bygd her for å utnytta kvar centimeter som er der. Her på haugen er det modulbygg frå Malthus. Då går det fort og kjapt. Vi sparar faktisk omlag to månaders byggetid ved å velja modulbygg.

Kapasitetsauke

– I første etasje «på haugen» kjem det ni nye pasientrom. Men vi avvikler fire av dei vi har utan toalett og dusj. I tillegg vert eit av dei gamle pasientromma påkopling mellom gamlebygget og tilbygget. Den reelle kapasitetsauken vert difor fire pasientar, fordi vi sit att med fire pasientrom meir etter bygginga. Men for ein luksus at vi får nye pasientrom utan trappetilkomst!

– Vi har eit krav om at pasientar på 12 av romma må kunna gå i trapper, sidan vi ved ein eventuell evakueringssituasjon med straumstans ikkje kan bruka heisen. Desse nye pasientrommma på bakkeplan lettar ei evakuering mykje, og gjev oss betre fleksibilitet.

– Bygginga har vore ein liten attraksjon og litt underhaldning for pasientane våre. Særleg då vi heldt på med grunnarbeidet og hadde sprenging her, og når modulane vart heisa på plass. Då rigga dei seg til med kaffikoppane og såg på. Pasientane har vore svært støttande, og dei gler seg på våre vegne. Dei har vore svært engasjerte i dette.

– For oss er jo dette spektakulært. Både bygget og utsikta, i grunn!

Byggekomité

Klingsheim er litt stolt over at dei har klart seg gjennom byggefasen utan ekstern konsulenthjelp. Med seg i komitéen har Klingsheim hatt Liv Bente Turøy (fagteam-leiar sjukepleiartenesta og inntakskoordinator), Nina Farsund (fysioterapeut), Silje Lom Soldal (ergoterapeut og verneombod) og Randi Thompsen (fagforbundet)

– Eg har hatt med meg tilsette frå dei forskjellige yrkesgruppene her på huset, og dei representerer og frontar behova både til dei tilsette og pasientane. Vi har heile vegen vore styrte av det vi manglar, eller det som ikkje er godt nok av det vi har, og det vi ser at vi treng.

– Arbeidstilsynet har gjeve oss veldig god tilbakemelding på at prosjektet er brukarorientert og behovsstyrt.

Smidigheit

Klingsheim legg heller ikkje skjul på at det har vore krevjande å driva med ombygging og tilbygging samstundes som senteret er i full drift.

– Vi har vore veldig flinke til å løysa ting undervegs. Det har vi vore nøydde til. Det dukkar alltid opp noko, og då må ein ordna opp, men i denne prosessen har både pasientar og personale vore svært tolmodige. Dei siste månadane har det gått veldig mykje tid med til å finna løysingar.

– Vi byrja arbeidet her i august, og grunnarbeidet vart meir kostnadskrevjande enn venta. Dei fann også ein gammal buplass utanfor her, noko som utløyste større krav til sikring. Det var ikkje berre å skyta ned desse bergnabbane som stod att, dei måtte sikrast og boltast på plass. Lommer i grunnen her som var fylt av luft og jord er no sprøyta med betong.

– Men saman med prosjektleiinga frå Malthus har vi alltid funne fram til gode og tenlege løysingar.

Resten av byggjekomitéen er komen til, med unntak av Randi Thompsen. Dei blir med på ein guida tur saman med prosjektleiar frå Malthus, Bjørnar Gilje.

Undervegs flyt det informasjon mellom Klingsheim og Gilje, og innimellom får vi ekstra god tid til å beundra utsikta medan dei to diskuterer seg fram til ei løysing.

Framtidsretta

Dei tre damene i komitéen har alle meldt seg frivilleg og er kanskje hakket meir interiør-interessert enn snitt-osingen. Denne gjengen har definert alt frå kva behov ein hadde for rom til kvar stikkontaktene skal plasserast.

– Dette er eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod, og alle utbetringane skal fylla ein funksjon i lang tid framover. Derfor har vi valt funksjon og fornuft framfor det vi hadde valgt sjølve om vi skulle brukt hjartet og valt utfrå kva vi likar, seier Farsund, og får nikkande tilslutning frå dei andre.

Fargeval og val av møblar er gjort. Bunken med stoffprøver til gardiner tronar på bordet.

– Vi overtek nybygget frå Malthus 16. mars. Då har vi ein liten månad på oss til den offisielle opninga 12. april. Men påska kjem litt innimellom her. Vi gler oss veldig til det blir ferdig. Alt blir meir fleksibelt, vi kan skriva inn fleire pasienter samstundes, vi får fleire møterom slik at vi kan ha fleire inntakssamtalar samstundes, og det eine møterommet får videokonferanse-utstyr, noko som gjer det lettare for oss å halda kontakten med omverda. Til dømes Helse Vest, ler Klingsheim.

Endrar arbeidsmåte

Dei tre frå byggekomiteen har kvar sine høgdepunkt dei gler seg til.

– Eg gler meg til å få betre plass til å bruka med pasientane. Det gjer at eg kan endra tilnærmingsmåte til opptreninga og pasientane. Eg kan til dømes ha litt gruppetrening og slik, seier Soldal.

– Med fleire treningssalar får vi breiare tilbod. Vi får fleire fysioterapirom, og det blir mindre kaballegging i forhold til ledige behandlingsrom. Alt i alt større fleksibilitet, meiner Farsund.

– Eg gler meg til å kunna ta imot og skriva inn fleire pasientar på ein gong, og til å tilby pasientane flotte nye rom utan trappetilkomst. Det blir også veldig bra med samlingsrom og betre personalfasilitetar, seier Turøy.

– Det er alltid litt styr med bygging, og eg har hatt nokre søvnlause netter, berre fordi det er så mykje å ta stilling til. Men alt i alt vert dette veldig bra. Og på opningsdagen 12 april er alle som har lyst til å koma innom og sjå hjerteleg velkomne, avsluttar Klingsheim

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.