Lokal | 27. apr. 2013

Stort bunadshow

Sentrumsforeninga inviterer til vising av nye og gamle bunadar når dei laurdag om ei veke arrangerer Vårsleppet. – Torget blir staden å vera den dagen, seier Geir Amundsen.

Stort bunadshow
Geir Amundsen, ståande omtrent der scena kjem til å bli rigga (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 27. apr. 2013 07:35

Tradisjonen tru arrangerer Os sentrumsforening Vårslepp første helga i mai.

– Det blir ein marknad av god gamaldags karakter med gatemarknad, utstillinger og flust med vårtilbod i butikkane, fortel Geir Amundsen, leiar i sentrumsforeininga.

Nye og gamle bunader

Sidan det nærmar seg 17. mai og er midt i konfirmasjonstida blir det moteshow og bunadsvisning på scenen i sentrum.

– Då kan publikum få med seg vårens nyhende frå butikkane i sentrum.

– I tillegg har Kristin Oma og Bunadsverkstaden slått hovudene saman og laga bunadparade med nye og gamle bunader frå Os og traktene rundt.

– Det kjem til å bli mykje fint å sjå på, og ei oppleving i seg sjølv, lovar sentrumsleiaren.

Konsert og forsmak

Det blir ikkje berre klede på scenen på torget denne laurdagen.

– Folkeoperaen Havfest kjem med smakebetar.

– I tillegg kjem Fonos med ein liten konsert.

– NM i luftgitar, som vi hadde planlagt, måtte vi avlysa då det kom vatn i forsterkaren, ler Amundsen.

Bil, båt, MC og gatemarknad

Med éi veke igjen er det ikkje riktig alt som er på plass enno, men mykje har Amundsen kontroll på.

– Det blir alt frå bil og båtar til mat og kunsthandverk.

– Vi kjem til å ha ei eiga motoravdeling, kor mellom anna også redningsselskapet kjem til å vera representert.

– Forhåpentlegvis får dei skikk på "Elias" igjen også, så dei som ønskjer kan få prøva den, avsluttar ein våryr Geir Amundsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.