Lokal | 28. feb. 2016

Stort leidningsbrot rammar «heile» Os

Ei leidningsbrot i Industrivegen påverkar mange, også i Hegglandsdalen. – Test trykket før du bruker vaskemaskin eller liknande.

Stort leidningsbrot rammar «heile» Os
Illustrasjonsfoto frå Kolabakkane tidlegare i veka. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. feb. 2016 14:10

Søndag morgon blei det oppdaga eit omfattande vassleidningsbrot ved Industrivegen 31, nær ARKA.

– Fleire bustadar er utan vatn, andre opplever lågt vasstrykk, fortel Torunn Paus frå teknisk drift i Os kommune.

Ho bur sjølv i Hegglandsdalen og seier hennar område er blant dei som merkar det reduserte trykket.

– Test trykket før du bruker vaskemaskin, oppvaskemaskin og liknande. Bruk så lite vatn som mogleg til feilen er utbetra, er hennar anbefaling.

Teknisk vakt har hatt stor pågang på telefon i dag.

Følg status på Os kommune si side for driftsmeldingar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.