Stort oppmøte til konvoi i Øyane
Regn og sur vestavind hindra ikkje øyafolket å stilla i 17.maitog i båt.

Mens dei fleste andre i dag markerer grunnlovsdagen kvar for seg, i små grupper, la 17. maikomiteen i Søre Øyane opp til å vera saman, på avstand, i konvoi rundt øya.
Vêrmeldingane har vore dårlege lenge, og då det søndag blei klart at vinden blei som meldt, 6-7 m/s, blei ruta lagt noko om.
– Det har ikkje vore påmelding, vi er spente på å sjå kor mange som møter, sa komitémedlem Marie Lunde Bruarøy i strålande sol før start.
Men det såg ut som om få let seg skremma av dårleg vêrvarsel, rundt hundre båtar møtte fram.
Så steama det på med båtar. Og mørke skyer. Då Søre Neset Musikklag spelte til start, frå Vetlabruo, hølja det ned. Men resten av den vesle timen konvoien varte, blei med opphaldsvêr.
– Eg synest det var veldig godt oppmøte, og mange som hadde lagt ned ein kjempeinnsats i å pynta båtane, seier komitéleiar Rebekka Bruarøy Hamilton.
Etter at konvoien var slutt blei det kåra vinnar av best pynta båt.
Midtsiden kjem tilbake med stor bildeserie frå konvoien.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.