Korona | 29. nov. 2021

– Stort press på helsetenestene

Utvidar testkapasiteten på Fusa-sida.

– Stort press på helsetenestene
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. nov. 2021 15:12

Vi har hatt endå ei veke med ny smitterekord i Bjørnafjorden kommune, opplyser kommunen i dag.

I veke 80 blei det registrert 80 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonane). 35 av dei er born, 40 av dei smitta er uvaksinerte.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Les ògSmittetal for veke 47: No er vi oppe i 197 i november åleine

Kommuneoverlegen vurderer det slik at vi framleis er på risikonivå 2 – middels risiko.

– Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion, seier Klaus Melf i pressemeldinga.

Utvida testkapasitet på Fusa-sida

Det er stort press på helsetenestene som følgje av totalsituasjonen, ikkje berre korona. Det er òg auka trykk på smittesporing og stor pågang til teststasjonane.

Teststasjonen i Eikelandsosen er flytta til Eikelandsfjorden samfunnshus, og har utvida opningstida frå to til tre dagar.

Bjørnafjorden kommune har, saman med Bergen og fleire nabokommunar, innført lokal forskrift med registreringsplikt på serveringsstader og munnbindpåbod i butikkar, fellesareal på kjøpesenter, kollektivtransport og taxi.

Denne gjeld fram til 20. desember.

Vaksinasjon

  • Kommuneoverlegen melder at det framleis er utfordrande å nå målet om 90 prosent vaksinerte i aldersgruppa 18-44 år.
  • Lågast vaksinedekning har personar mellom 25 og 39 år - og spesielt arbeidsinnvandrarar frå Polen og Litauen.
  • 3. dosevaksinering av utsette grupper er i hovudsak ferdig.
  • Kommunen har hatt fleire rundar med massevaksinering av 65+ og helsepersonell (17.-19.11., 24.11.), og tilbyr det også 8. og 15.12.
  • Dei tilbyr også koronavaksine til uvaksinerte/delvaksinerte desse dagane. I tillegg er det kontinuerleg vaksinering hos fastlegane.
  • Influensavaksinasjon for personar i målgruppa er godt i gang hos fastlegane. Tilsette ved sjukeheimane er vaksinerte.
  • Det blir massevaksinasjon onsdag 1. desember for dei i målgruppa som ikkje har fått vaksine hos fastlegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.