Lokal | 04. mars 2019

Stort straumbrot i Øyane og Strøno

Over 1000 abonnentar mista straumen klokka 14.26 i dag.

Stort straumbrot i Øyane og Strøno
Over tusen hus i Øyane og Strøno er utan straum måndag ettermiddag. (Kart: BKK Nett)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mars 2019 13:48

1.067 bustadar og bedrifter i Strøno og Søre Øyane er utan straum.

Midtsien fekk tips om straumbrotet klokka 14.39, ifølgje BKK Nett blei første straumbrot varsla klokka 14.26.

I BKK Nett sitt kart med oversikt over straumbrot og årsaker, står ikkje årsaka oppført. Men det står at det er venta innkopling klokka 17.30.

– Vi har folk ute i området, men veit framleis ikkje kva som er årsaka, seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin i BKK Nett til Midtsiden klokka 15.

– Vi vil ganske snart gjennomføra nokre omkoplingar, så ein del vil få straumen tilbake om ikkje så lenge. Men det er fleire øyer som er berørt, og ikkje alle som blir kopla inn no med det same.

Status blir oppdatert på dette kartet hos BKK Nett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.