Næringsliv | 24. nov. 2017

Stort trøkk

Nesten full parkeringsplass då AMFI Os opna dørene klokka 7 fredag morgon.

Stort trøkk
Det var godt med folk då AMFI Os inviterte til Black Friday. Sportsbutikkane var av dei som fekk det største trøkket (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. nov. 2017 08:56

Allereie klokka 05.30 var senterleiar Silje Lygre på plass på Amfisenteret.

– Dei tilsette som skulle opne butikkane sine klokka sju måtte jo få kaffe før det heile byrja, ler Lygre når Midtsiden ringer for å høyra korleis morgonen har vore denne svarte fredagen.

Full parkeringsplass

Allereie før dørene opna var parkeringsplassen framfor senteret fylt opp av bilar.

– Det var temmeleg fullt og folk stilte seg opp framfor inngangen. Då det var rimeleg surt i dag tidleg, måtte vi nesten slippe dei inn i vindfanget fram til butikkane opna.

– Gjekk det greit, eller blei det slåstkamp om dei beste tilboda?

– Neida, her gjekk det heldigvis fint for seg. Folk oppførte seg og det heile gjekk pent og pynteleg.

Kjekt at folk handlar lokalt

Lygre har det same inntrykket som Midtsiden fekk då vi var oppom ein time seinare, at det var sportsbutikkane som hadde det største trøkket.

– Dei og kanskje leikebutikken, men det er vanskeleg å seia når du går rundt og ser. Det som derimot er veldig kjekt er at folk vel å handla lokalt i staden for å sitta på nettet og kjøpe varene. Det er viktig og noko vi set stor pris på.

– Det blei ein veldig kjekk tidleg start på dagen, avslutter Lygre på veg ut for å sjå om ho sjølv finn nokre julegåver blant tilboda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.