Næringsliv | 20. juli 2013

Stort utval i strandsonen

Ser du etter ein eigedom ved sjøen i Os har du no mykje å velja mellom.

Stort utval i strandsonen
Skjerma av Litle Langøya på Nordstrøno ligg denne idylliske fritidsbustaden for sal for 3.750.000 kroner. (Foto: Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. juli 2013 08:04

Dei siste åra har talet på annonsar for fritidseigedomar i Os lagt på 5 til 10. No ligg det 22 annonsar for hytter og naust på Finn.no.

Utvalet inkluderer eit tomtefelt med fleire hyttetomter i eigen lagune på Ytterøy, 8 prosjekterte hytter på Skorpo, 12 ferdigstilte hytter med ulik alder, plassering og pris og 5 naust.

Kvifor ligg det no så mange fritidseigedomar for sal i skjergarden i Os og korleis er marknaden?

– Stor interesse for rett objekt

Erlend Erstad, jurist og meklar hos Privatmegleren Bjørnefjorden, har blant anna ein idyllisk fritidseigedom på ei brygge i eit stille sund på Nordstrøno for sal.

– Det er ein trend over heile Noreg at det tar litt lengre tid å selja fritidseigedomar.

– Men interessa er der framleis ganske stor i Os. Folk følgjer med og kjem gjerne tidleg med bod, gjerne eit litt lågt bod. Men for oss handlar det også om å få rett pris, og om seljar har god tid så ventar vi.

Erstad fortel at fleire område er svært attraktive, som Drange, der det i vår blei bodrunde og sal for 400.000 kroner over prisantyding.

Tilkomst viktig

Anders Fosbæk Vangen hos DNB Eiendom på Os fortel også om noko lengre liggetid for hytteannonsar.

– Hytte er noko mange VIL ha, men det er samstundes ikkje noko dei MÅ ha.

– Derfor er det fleire som ventar, vi har ulike interessentar på blokka, som vil bli kontakta viss deira type hytte kjem for sal.

Plassering, tilkomst og teknisk kvalitet er det fleire som bryr seg om.

– Innlagt vatn og straum, og helst bilveg fram til hyttedøra, er det fleire som har som kriterium.

– Låg prisklasse går fortare

Åge Gulbrandsøy frå Bergen Omegn Eiendomsrådgivning har blant anna to naust for sal, eitt i Oselvo, eitt i Skeisosen.

– Før blei nausta selt med éin gong du la dei ut for sal. No tar det litt tid, særleg om prisen er over ein million og naustet ikkje er innreia.

– Men vi hadde tidlegare i år bodrunde på eit naust i Sørstrøno, som var litt innreia. Der gjekk prisen opp frå 1,1 til 1,3 millionar kroner, fortel Gulbrandsøy.

I det siste har han selt flest fritidsbustadar på Fusa og Tysnes. Det er også mange osingar som kjøper hytte i og rundt Os.

– For meg virkar det som om dei rimelege hyttene framleis går ganske fort, men at det tar tid når du kjem litt opp i prisklasse.

• Midtsiden samleside: Eigedom

• Finn.no - fritidseigedom for sal i Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.