Lokal | 18. okt. 2016

Stortstilt slep(p) for boka «Oselvar - den levande båten»

Ni båtar, blant anna oselvaren sine oldemødre frå år 300 og 900 e.kr, skal stillast ut under bokslep(p) i Bergen og Os denne veka.

Stortstilt slep(p) for boka «Oselvar - den levande båten»
Forfattar Kjell Magnus Økland (t.v.) er sjølv med og slepar båtar til utstillinga. Her er ein oselvar med motor. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. okt. 2016 07:47

«Oselvar - den levande båten», 544 sider om oselvaren, er ferdig.

Torsdag er det bokslepp på fisketorget i Bergen, laurdag er det bokslepp mellom rådhuset og Joker i Os sentrum.

Les òg: No går oselvarboka i trykken

– Du kan like gjerne kalla det bokslep. I Bergen skal eg slepa boka inn Vågen i ei fiskekiste, tilsvarande den fiskarane kom med då dei skulle selja fersk fisk før i tida, seier forfattar Kjell Magnus Økland til Midtsiden.

Det er ikkje berre boka som skal slepast, i helga starta arbeidet med å slepa ni båtar til Bergen for utstilling i samband med lanseringa.

Oselvaren si oldemor er invitert

På bildet over ser du ein oselvar med motor, ein seksæring som er bygd om og fekk sin første motor i 1947. I utstillinga får du òg sjå andre båtar enn oselvarar.

– Vi får gokstadfæringen (900 e. Kr), på mange måtar oselvaren si oldemor, og halsnøybåten (300 e. Kr), i utstillinga. Eigaren av gokstadfæringen kjem frå Sandefjord til Bergen og Os for å delta i utstillinga i samband med boksleppet, seier Økland takksamt.

– Halsnøybåten er bygd før dei kunne klinka, så den er sydd. Vi kallar det jo framleis saum, men her kan osingane og bergensarane sjå kvar namnet saum stammar frå.

– Det er første gong desse båtane er utstilte saman i Noreg, seier Økland.

Etter bokslepp og foredrag i Bergen torsdag blir båtane frakta til Os. Fredag kjem dei til å stå utstilt på tomta til Os brannstasjon før dei laurdag blir tatt ned til bokslepp og foredrag i sentrum og rådhuset.

Under følgjer pressemelding frå Skald Forlag i samband med boksleppet:

Mykje lokal Os-soge i nytt storverk om Oselvaren

Oselvaren er Noregs nasjonalbåt og vart i 2015 nominert til UNESCO-lista for gode vernepraksisar i immatrielt kulturvern av Det Norske Kulturdepartementet. I samband med dette gir Skald forlag og Oselvarklubben ut praktboka «Oselvar – den levande båten».

Les òg: Olavsrosa til Oselvarverkstaden

Denne tradisjonelle klinkbygde trebåten har vore i bruk i mange hundre år langs den sørvestlandske kyststripa, og båttypen har røter fleire tusen år attende. Oselvar-begrepet stammar frå Os i Hordaland. Båten har vore mest vanleg som bruksbåt frå Ryvarden i sør til Sognefjorden i nord, men ein finn døme på bruk langs heile Norskekysten, på Shetland og på Orknøyane. Oselvaren har i tillegg vore nytta som sportsbåt heilt i frå 1800-talet, og er i dag framleis nytta som fritidsbåt.

Til skilnad frå mange andre tradisjonsbåtar er oselvaren ein båt med levande byggje- og brukstradisjon. Privatpersonar kan tinga seg ein heilt ny båt, og det vert arrangert ei rad regattaer med Oselvar-NM som det årlege høgdepunktet. Det vert stadig arrangert kurs i båtbruk og stell av ei rekkje lag og organisasjonar som arbeider aktivt for å vidareføra den handlingsborne kunnskapen. Kjell Magnus Økland, forfattar av boken, forklarer korleis dei har lukkast i dette arbeidet:

– Noko av nøkkelen til at oselvaren framleis er så aktuell heng saman med at båttypen, både for årer, segl og motor, har alle dei kvalitetane nymotens båtbrosjyrar lovpriser. Oselvaren er sjødyktig, trallbar, letthandterleg, turvenleg og fleksibel. Med nokolunde stell varer båtane svært lenge, og same båten kan gje nær-sjødn-opplevingar til både to, tre og fire generasjonar båtbrukarar. Det må jo vera ei fornuftig investering i livskvalitet!

Men treng me framleis Oselvaren i dagens moderne samfunn?

– Ja, sjølvsagt gjer me det. Me treng å vita kvar me kjem frå for å ta gode val om kvar me skal. Dei klinkbygde båtane er berekraftige produkt som byr på opplevingar for alle sansane. Det tilfører dessutan meining og innhald til eit produkt når du veit at materialane er lokale, at handverkarane skreddarsyr båtane og utstyret til dei. Oselvaren byr deg med på opplevingar gjennom heile livet: barna som lærer å ro, ungdomane som lærer å segla, høg puls for dei som jaktar på adrenalin-opplevingar eller langsam dorging for dei som vil roa ned. Båten er ein arena for livslang læring der du er aktør og ikkje tilskodar, utdjupar forfattaren.

Båtbygging i gammal tid, moderne kapproing i roklubbane Kamp på Hagavik og Fram i Lysefjorden, båtberging og entusiasme kring båten frå karane i Oselvarlaget og ikkje minst soga om korleis Oselvarverkstaden vart til. Alt dette og meir til finst av Os-soge i den nye boka om Oselvaren. Denne boka bør vera obligatorisk i einkvar osing si bokhylle.

Praktboka utgjer den fyrste samla framstillinga av mangfaldet i Oselvarens historie, og presenterer eit variert historisk og teknisk materiale i populærvitskapleg form. Mykje av dette stoffet har ikkje tidlegare vore publisert. Boka inneheld tekst, gamle og nye fotografi, tabellar, kart, figurar og teikningar. Vidare rommar boka folkloristisk stoff med eit stort persongalleri samt ei rekkje element kring immateriell kulturarv og handlingsboren kunnskap. Boka speglar kyst-, idretts- og folkekulturen på Vestlandet gjennom fleire århundre, med avstikkarar langs heile Norskekysten og til utlandet. Fokuset i boka er òg framover i tid, med praktiske råd til nye båtbrukarar. Ho er med med andre ord ein kunnskapsbank og eit oppslagsverk for både den nyfikne og for fagpersonar.

Forfattar Kjell Magnus Økland har hatt god støtte undervegs frå Oselvarklubbens bokkomite; Finn Totland, Kjell Milde, Kjell Totland og Helge Kaurin Nilsen. Hallgeir Forstrønen Bjørnevik har teikna nærare 100 illustrasjonar spesielt for boka og Sverre Mo har laga kart og figurar. Vidare har ei lang rekkje miljø innan båtbygging, seglforeningar, kystlag, roklubbar, historielag, museum, arkiv og enkeltpersonar bidrege med bilete, stoff og opplysningar. Storverket er forlaget si tyngste bok til no på nær 3 kilo, og vil bidra til auka forståing av den sentrale plassen båten har hatt i den nasjonale kultursoga.

Boka vert lansert torsdag 20. oktober klokka 18.00 på Torget i Bergen og ombord i ferja Showtime.

Kjell Magnus Økland (f. 1977) er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Bergen med faga kulturvitskap, historie og mediefag. Han har arbeidd som journalist og historikar. Økland er oppvaksen med kappsegling med Oselvar og har sete i styre og stell kring Oselvaren sidan 1990.
Oselvarklubben (stifta 1945) er nasjonal klasseklubb for Oselvaren brukt som regattabåt.

Arrangement
20. oktober kl. 18: Bokslep(p) på Torget i Bergen og om bord i ferja Showtime.
22. oktober kl. 12 –15: Foredrag og båtutstilling, Osøyro.
23. oktober kl. 12–16: Foredrag og båtutstilling, Hordamuseet, Stend.
25. oktober kl. 19 –20 : Multimedieforedrag ved forfatter, Bergen Offentlige Bibliotek

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.