Kultur | 09. des. 2010

Støttar Sigrid med konsert

Mange legg merke til kva Sigrid Tvedt gjer for folk som har det vanskeleg. No blir det arrangert støttekonsert.

Støttar Sigrid med konsert
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. des. 2010 12:53

Då tidlegare leiar for Join Us, Ingvild Hetlevik, kom til tidlegare Join Us-kamerat Hallgeir Bjørnevik for å laga romsjulskonsert, dukka fort namnet til Sigrid Tvedt opp.

- Vi vil laga ein stor og flott konsert med artistar frå Os, og at denne skal gje inntekt til nokon som hjelper andre. I fleire konsertar tidlegare år har det blitt gjeve til større, internasjonale organisasjonar, i år vil vi støtta lokalsamfunnet, seier Invild.

Støttar Sigrid
Saman med Hallgeir meiner ho at ein god måte å støtta lokalsamfunnet på er å gje pengar til Sigrid Tvedt.

- I mange år har Sigrid som privatperson gjort ein enorm innsats for mange som har det vanskeleg, både unge og vaksne, og spesielt ein del av dei som har problem med rus.

- Vi er sikker på at med litt ekstra med med pengar kan ho gjera endå meir for dei ho allereie hjelper, seier Hallgeir.

- Snill, men streng
Sigrid, som dagleg jobbar i leiketøybutikken mellom S. Tvedt og Madam Ane, har engasjert seg for ungdom i mange år.

- Det starta med at eg såg ein narkoman som låg bevisstlaus på torget i Os sentrum. Folk gjekk i ring rundt han og då eg ringte helsevesenet var det ikkje lett å få dei til å rykka ut. Då måtte eg ringa politiet, noko eg rekna med at mannen ikkje ville lika, men han kom innom butikken dagen etter og takka for hjelpa, fortel Sigrid.

I tillegg til å ha løna arbeid i ungdomsklubben i Allaktivitetshuset gjev Sigrid ofte som hjelp og støtte til dei som har det vanskeleg.

- Nokon ringer meg eller stikker innom for ein prat om noko dei synes er vanskeleg. Andre trenger hjelp i møte med det offentlege. Då sender eg dei vidare til kundeombod Arne Skogedal, han er også god å ha for mange.

- Eg er kanskje snill, men eg er også streng. Ungdom kjem gjerne innom når dei skulkar skulen, men då sender eg dei opp igjen.

- Kva synes du om konsert-tiltaket?

- Eg fekk litt hetta, det er både kjekt og overraskande at dei tenker på det eg held på med.

- Korleis vil du bruka pengane som kjem inn på konserten?

- Det er ikkje så mykje som skal til for å gjera kvardagen betre for dei som har det vanskeleg. Eg har arrangert malekurs og eg kunne tatt med ungdom på fisketur. Å søkja om midlar og venta på vedtak tar tid, med nokre pengar på lur går et an å kjøpa litt utstyr som fleire kan ha glede av.

Artistar på dugnad
Ingvild og Hallgeir fortel om veldig god respons frå artistar dei har vore i kontakt med.

- Vi har allereie 10-15 artistar som stiller opp, noko som er nok til fullt program, men om det er fleire som har veldig lyst til å stilla så er dei velkomen.

Konserten finn stad i Os kyrkje tysdag 28. desember klokka 19.00. Blant artistane som har stadfesta at dei stiller er Tone Linn Mjånes, Jostein Berge med band og koret FONOS. Kordeltakar Leif Østrem stiller dessutan med nokre låtar utanom.

- Konserten skal vera gratis, inntektene har vi tenkt å samla inn med kollekt. Etter konserten blir det kafé i Kyrkjelydshuset, opplyser Hallgeir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.