Kultur | 10. nov. 2010

"Støvsug" fjorden

Lurer du på kvifor spruten står framfor Oseana? Det er ikkje nye fontener eller ledningsbrot. Det er "støvsuging" på gang.

"Støvsug" fjorden
Andris Hamreonsdag 10. nov. 2010 08:10

11. oktober flytta Veidekke, som har totalentreprisen på å bygge Os Sjøfront, inn på byggetomta. No er dei i gang med å gjere sjøbunnen klar for støypearbeid.

- Dykkarar har starta det møysommelege arbeidet med å renske fjellet for lausmassar, fortel anleggsleiar Gjermund Grønhaug i Veidekke.

Jordskjelvsikring
Grunnen til at fjellet skal reinskas er kravet om å støype fast fundament som skal sikre Os Sjøfront mot jordskjelv. For å få god heft og kunne sprenge fjellet flatt må det reinskast for slam, sedimenter og lausmassar.

- Vi skal støype totalt seks digre betongfundament langs heile kaia. Det har kome strengare krav til sikring så dei 6 fundamenta skal støypast på reint fjell og sikrast med 20 meter lange stålfester, fortel Vidar Mjelstad, driftsleiar i Veidekke.

Det første fundamentet dei skal støype er på 2 x 9 meter. Berre armeringsjerna som nyttast veg 4,5 tonn.

Oppå dei seks fundamenta kjem det dragarar før garasjedekket støypast oppå der igjen.

- Garasjedekket kjem berre 1,4 meter over havoverflata, fortel Mjelstad.

3 dykkarar på skift
Til å utføre reinske-jobben har Veidekke hyra inn dykkarar frå Anlegg- og industridykk.

- Dei har tre mann på jobben. Ein dykkar i sjøen, ein dykkarleiar og ein reservedykkar om noko skulle skje, fortel Gjermund Grønhaug.

Dei tre rullerer på oppgåvene med tre timers intervall. Arbeidet går føre seg på 3 - 10 meters djup.

- Det er ein relativt grei jobb dette. Vi er alle tre sertifisert for arbeid ned på 50 meter, fortel Pierre Treekrem Runge, frå Anlegg- og industridykk.

- Den eineste utfordringa i starten av arbeidet er et det er dårleg sikt, så det blir litt som å arbeide i blinde, fortel Runge.

Til å reinske fjellet nyttar dei to digre "støvsugarar" som sleng vatn og lausmasser avgarde.

- Først går dykkaren over med ein grovsuger som tek dei største steinane og det meste av slammet. Deretter går vi over med ein mindre slik at vi får fjellet heilt reint, fortel Runge.

Det er desse "støvsugarane som utgjer "fontenen" framfor Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.