Lokal | 14. apr. 2020

Støy frå fest og arbeid

I tillegg blei ein høgrøysta og kosete mann sendt heim frå Os sentrum.

Støy frå fest og arbeid
Os sentrum var ikkje heilt tom for folk i påsken, trass korona-stengde uteplassar. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. apr. 2020 08:07
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Politiet fortel om ein roleg påske i Os, med unntak av ein del forhold i trafikken, som vi kjem tilbake til i eiga sak.

– Mens andre stadar kan rapportera om fleire festlege lag, fekk vi varsel om éin fest her i Os, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det var klokka 02.20 natt til første påskedag, på Søfteland.

– Dei sat seks personar i eit festleg lag, mens grensa er fem. Det var ikkje det store overtrampet, men det var høg musikk og litt støy frå festen, og dei runda av etter samtale med politiet.

Ein time seinare hadde politiet ein samtale med ein person i Os sentrum.

– Han var svært full, prøvde å klemma folk, og var samtidig høgrøysta og litt ufin med patruljen.

Vedkomande, ein mann fødd i 1985, fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum og å halda seg vekke.

Tidlegare i påsken, i 7-tida skjærtorsdag, fekk politiet melding om støy frå arbeid på Moberg.

– Der var ein mann i sving med minigravar. Han forklarte at han trudde ingen høyrde han, og avslutta arbeidet umiddelbart då vi tok kontakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.