Lokal | 27. juli 2012

Støy og taua bil

Politirapport: Feststøy uroa nattesvevn. Bil taua frå Amfi Os.

Støy og taua bil
Andris Hamrefredag 27. juli 2012 09:58

I to tre-tida natt til fredag fekk politiet melding om musikk, rop og skriking frå eit husvære i Dalsvegen.

- Meldar fekk forstyrra natteroen og ringde oss.

- Vi var ikkje ute der, men eg vil likevel oppmoda folk om å ta hensyn til naboane om dei har hyggeleg lag, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Fekk ikkje tak i eigar

Ein bil har i lengre tid stått parkert ved Amfi Os.

- Senterleiinga ba oss om hjelp til å få fjerna bilen.

- Vi har forsøkt å få tak i bileigar, men har ikkje lukkast.

- Bilen er no taua inn og vi vil gjera nye forsøk på å oppnå kontakt med ho som eig bilen før vi eventuelt gjer noko meir med den.

Torsdag kveld tok òg patrulja seg ein fottur i Os sentrum.

- Det var stille og roleg, berre nokre skaterar på Telthusplassen ved Baronselva som patrulja tok ein prat med, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.