Støy og tjuvfiske

Politiet har fått melding om ulovlege garn, støy frå russ og skadeverk på bussterminalen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. mai 2011 09:03

Rett før midnatt løyste politiet opp eit drikkelag på bussterminalen i Os sentrum. Seinare på natta fekk dei melding om skadeverk på den same plassen.

– Klokka 03.40 kom melding om støy frå russ på Ulven. Patruljen var opptatt og hadde ikkje kapasitet til å rykka ut og dempa russen, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Erik Gjesdal.

Politiet har også notert at Statens naturoppsyn har tatt beslag i fleire ulovlege garn i Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.