Næringsliv | 02. juni 2009

Støypestart i dag

I dag starta produksjonen av Askeladden igjen. Askeladden Boats har no 30 tilsette i sving.

Støypestart i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. juni 2009 09:59

Bildeserie:

1 av 5

I fleire veker har 17 tilsette i administrasjon, lager og ettermarknad vore i sving i Askeladden-fabrikken. I dag hadde 13 tilsette i produksjonen sin første arbeidsdag.

- Starten til Askeladden Boats har vore flytande, så det blir ikkje markering i dag. Men når første båt er ferdig så gjer vi sikkert eit nummer av det, seier dagleg leiar Henrik Askvik.

- Godt å vera tillbake
Produksjonen startar naturlegvis på støyperiet. Medan sprøytene går for fullt er det rydding og klargjering på avdelingar for montering og klargjering. Det var mange smil å sjå i alle avdelingane i dag.

- Eg har vore optimistisk heile tida. Eg har hatt ein liten jobb medan eg var permittert, og det var litt trist å gå frå den. Men eg var ikkje i tvil om kva eg skulle svara då Henrik ringte og spurte om eg ville koma tilbake, seier Myrthle Moberg.

Ho har produsert Askeladden-båtar i 8 år, og sit saman med Katrine Nordtveit og Besima Troha og tar pause. Katrine og Besima har 9 og 10 år bak seg i fabrikken.

- Det er godt å vera tilbake. Henrik er ein veldig god sjef, og vi har ein sosial og kjekk arbeidsplass, seier Besima.

Travel ettermarknad
Ein av dei som har hatt mykje å gjera på den siste tida er Morten Hjelle, leiar for ettermarknaden.

- Det blei jobbing i heile pinsen òg. Hamnepresenningar og trekk til konsoll er blant det det går mykje av, seier Hjelle.

Når sommaren no er i gong reknar han med at det også kjem ein del bestillingar på tidlegare bestseljarar som solseng og vannskikrok.

- Dei som har 5 år gamle eller eldre båtar har nygle som ikkje heng fast når du har skrudd den ut, så slike går det også ein del av. Men det er helst rundt sesongstart, no har dei fleste fått båten utpå.

Må tenka gammalt
Det nye selskapet startar med å produsera modellane 475, 525 og C6.

- Dette er båtar i ein prisklasse og storleik som framleis er god omsetnad på. Vi kjem til å produsera éin for dagen av kvar modell, også C6, om vi får det til, seier Henrik.

- Det kan bety at eg må i kjeladressen sjølv. Vi må tenka nytt no. Eller kanskje det er meir rett å seia at vi må tenka gammalt, legg han til.

Båt nummer 95.100
Det som blir den første båten for Askeladden Boats er nummer 95.100 frå same fabrikk.

Tidlegare har leiinga hatt håp om å produsera bygg nummer 100.000 det året dei feirar 100-årsjubileet. Skal dei framleis få det til å klaffa må dei produsera 4900 båtar på 2,5 år.

Eventyret om Askvik-familien sin båtproduksjon starta nemleg allereie i 1911.

- No produserar vi mest mindre båtar, noko så gjer at volumet blir høgare. Men 4900 båtar er nok vel mykje, seier marknadssjef Leif Bergaas.

Klarar ikkje å produsera nok
Dei siste vekene har marknadssjefen vore mykje på reise. Tidlegare forhandlarar har fått besøk, og fortalt om sin situasjon.

- Forhandlarnettet i Noreg, Sverige og Danmark blir nesten heilt likt som før. Dei plassane det blir endringar blir det til det betre, seier Bergaas.

Dei båtane som blir produserte før ferien blir fordelt på forhandlarar som er heilt tomme for Askeladden. Båtbransjen opererer med 35 prosent nedgang i marknaden i 2008, og 15 prosent ned i år. Sjølv om marknaden er 50 prosent lågare enn i 2007, er Bergaas ikkje uroleg for omsetnaden av haustproduksjonen.

- Vi kjem nok uansett ikkje til å klara å produsera nok til 2010-sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.