Strålande leir i Spania

Os Turn Friidrett brukte haustferien til å runda av ein god utesesong, og førebu seg på innesesongen, med treningsleir i Barcelona.

Sofie Olsvold Hausberg saman med trenar Mari Lund Eide. (Privat bilde, foto: Amalie Thunold Matthiessen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. okt. 2013 13:12

Bildeserie:

Siren og Sofie fekk også litt kultur-innslag på turen. (Privat bilde, foto: ATM)
Utøvarane hadde fin temperatur og god boltreplass. (Privat bilde, foto: ATM)
På startblokka. (Privat bilde, foto: ATM)
Vaaarmt! (Privat bilde, foto: ATM)
To av dei raskaste ungdomane i Os, Snorre H. Sørstrønen og Hilde Lohne. (Privat bilde, foto: ATM)
Så var det tid for hopping. (Privat bilde, foto: ATM)
Stortalentet Andreas Mowinckel-Nilsen kom seg lett over stanga. (Privat bilde, foto: ATM)
Kos på stranda, som låg cirka 100 meter frå hotellet. (Privat bilde, foto: ATM)
Tur til Barcelona med omvising på olympiastadion. (Privat bilde, foto: ATM)
Utsikt over hamna i Barcelona. (Privat bilde, foto: ATM)
Amalie, som har delt bilda sine med Midtsiden. (Privat foto)
Siren og Sofie fekk også litt kultur-innslag på turen. (Privat bilde, foto: ATM)
Utøvarane hadde fin temperatur og god boltreplass. (Privat bilde, foto: ATM)
1 av 11

Medan Os sine fotballjenter i haustferien fekk sin første utanlandstur, er det berre to år sidan friidrettsutøvarane til Os Turn har vore i varmare strøk for å trena.

– Vi hadde ein flott tur til Lanzarote i 2011, og fann no ut at det var på tide med ein tur igjen, seier trenar Mari Lund Eide.

Med god rekruttering og fleire fine resultat blei det i vår bestemt at turen skulle gå til Barcelona, tilfeldigvis med same arrangør og til same destinasjon som fotballjentene i klubben.

Store anlegg og flott vêr

Os Turn reiste med 14 utøvarar og 6 trenarar og foreldre til Cambrils, ein hamneby som ligg ein dryg time sør for Barcelona.

– Vi budde på eit fint hotell cirka 100 meter frå stranda, og hadde strålande vêr til både trening og bading, seier Mari.

Utøvarane hadde stor boltreplass på dei to anlegga dei trente på.

Sosialt og variert

Mari fortel at turen var lagt opp til å innehalda mykje, men variert trening.

– Sjølv om vi no førebur oss på innesesongen var vi opptatt av at dette skulle vera ein kjekk tur med lystbetont og variert trening.

– Det var veldig kjekt å sjå så mange individuelle idrettsutøvarar, i ulik alder, reisa på tur og framstå som eit lag. Vi hadde det veldig kjekt saman og fekk, i tillegg til den fine destinasjonen vi budde på, nokre fine opplevingar inne i Barcelona.

– I storbyen fekk vi blant anna omvising på olympiastadion, det trur eg gjorde inntrykk på mange, seier Mari Lund Eide.

Desse deltok på turen:

Utøvarar: Kristine Malene Furebotn, Sunniva Bastiansen Kvittingen, Gabriel Walden Michelsen, Hilde Eirin Lohne, Andreas Mowinckel-Nilsen, Sondre Herrevold, Vilde Kartveit, Viktoria Tufteland Haukefer, Amalie Thunold Matthiessen, Maria Thunold Mathiessen, Sofie Olsvold Hausberg, Thea Olsvold Hausberg, Shamsa Kanzaga og Snorre Hjelm Sørstrønen.

Trenarar, støttepersonell og foreldre: Mari Lund Eide, Jan N. Borgen, Svein Hausberg, Marianne Olsvold, Janne Walden og Anne Liv Jacobsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.