I dag har det, for første gong på mange år, vore songarstemne i Os.
89 år gamle Os Mannskor sto som arrangør av det som i dag har fylt Oseana, Os kyrkje, og Amfisenteret og Os sentrum med singers corner, med song.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Lysekoret, Os Kammerkor og Os Vocalis var, ved sidan av arrangøren, med på stemnet.
Dagen starta med prosesjon akkompagnert av Os Musikkforening frå Oseana til Osøyro i formiddag.
Stemnegeneral Jan Terje Skutlaberg ønskte velkomen før han gav ordet til Jarl Petter Bakke frå Norges Korforbund Hordaland, og ordførar Terje Søviknes, som sto for den offisielle opninga.
Så var det nokre fellesnummer på Øyro før programmet på spelestadane kunne byrja.
VIDEO: Sjå opninga av songarstemnet, «Leve Sangen» (Foto: KVB, midtsiden.no)