Strålande resultat i Redd Barna Cup
Video og bildeserie: Frå regn til sol då unge og vaksne lagde folkefest på Øyglimt sin arena.

Bildeserie:
Årets Redd Barna Cup blei tidleg på året, allereie torsdag 30. mai, kristi himmelfartsdag.
– Det var einaste ledige helg. Vi har stor sett arrangert cupen i august, men første året heldt vi den i midten av juni. Det fungerte bra det òg, seier Tommy Aasen.
Damene imponerte
Han er ein av det som den gong var nykonfirmantar som i 2013 tok initiativ til cupen. Dei var spent på responsen, sidan det var langhelg og fare for mange vekkreiste, men cupen blei fylt opp med unge og vaksne fotballag, og volleyballag av både kvinner og menn.
– Det er 40-50 lag som deltar. Spesielt damene har imponert og stilt sterkt i både fotball og volleyball i år!
I dei vaksne klassane blir det kåra vinnarar:
Fotball, herrar: Musetorpedobataljonen
Fotball, damer: Ymse
Volleyball, herrar: Spara på Skona
Volleyball, damer: Strawberries
– Det var deilig å slå «Puseguttene», som har vunne volleyballklassen samanhengande frå 2014 til 2018, seier gutane i «Spara på Skona».
I fotball gjekk det ikkje like bra.
– Vi møtte folk som har trent, forklarer dei. – Det blei eit knipent tap for A-laget til Os, legg dei til om motstandarane, som delvis besto av spelarar frå Os A og Os 2-stallen.
Samla inn over 50.000 kroner
Inntektene frå både påmeldingsavgift, sal i kiosk og deltaking i andre aktivitetar går til Redd Barna.
– Eg har ikkje totalt innsamla beløp klart, men ser at det frå kiosksalet og loddsalet kom inn 50.000 kroner, fortel Tommy.
Dagen starta med tett regn og temperatur under 10 gradar, men frå 14-15-tida kom sola fram.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.