Os Kulturskule fekk i dag overrekt ny dansesal. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Strålte i nytt lokale

I dag var det overrekking av nye danselokale til Os kulturskule. 

image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Danselærar Patricia Langeland kan i år sjå bak seg 25 år som danselærar ved Os kulturskule. 

I dag fekk ho og elevane hennar overrekt det som må vera eit av dei beste danselokala i regionen. I Os Næringspark.

Gler seg til å dela lokalet med elevar og kollegaer

Langeland stråler som ei sol når ho beveg seg rundt i det nye lokalet. 

– Ja, no har eg vore danselærar sidan 1993, fortel Langeland. Den gongen var det 20 elevar, i dag er vi fullteikna med 200 elevar. 

– No har vi verkeleg fått eit lokale som er skreddarsydd for dansefaget. Vi har no nærare 200 kvadratmeter spesialtilpassa dansegolv, speilvegg og ballettbarre. I tillegg har  vi tilstøytande garderobar og toalett, fortel Langeland. 

På spørsmål om det har vore 25 lange år å venta på eit eige, skreddarsydd lokale, er ho mest opptatt av ein ting; elevane.

– No gler eg meg berre til å få visa fram dette til dette til elevane mine når meg og kollega Julia Agate Erstad Bergesen startar opp med undervisning her i neste veke.

Eit løft for kulturskulen og dansefaget i Os

Kultursjef Lisbeth Axelsen strålte om kapp med Langeland under overrekkinga frå huseigar og entrepenørar i dag.

– Dette er nok eit av dei beste danselokala i regionen, fortel Axelsen. Vi har skreddarsydd alle aspekta rundt lokalet, og dette ser verkeleg bra ut.

Axelsen fortel at der Vargasalen i Oseana hadde «sportsgolv», har danselokalet i Næringsparken «Harlequin-golv», kor det ligg dansematter integrert i golvet. 

– Dette gjer at det er svikt i golvet, og det er mykje mindre belastande for dei som nyttar golvet til dans. Vi har hatt utfordringar med slitasje og skadar i Vargasalen, men med denne løysinga har vi no det beste av det beste for å nettopp forhindra dette.

Kulturskulen tek i bruk dei nye lokala allereie neste veke, og Axelsen seier det vil etterkvart koma i stand ei offisiell opning. 

Fleire saker