Lokal | 23. okt. 2015

Strålte på Nore Neset

Det blei livsglede og høg stemning på Nore Neset då Torsdagsklubben inviterte til konsert saman med Os Dixiana.

Strålte på Nore Neset
Det blei stor stemning på Nore Neset då Torsdagsklubben og Erling Mortensen heldt konsert (Foto: AH)
Andris Hamrefredag 23. okt. 2015 07:43

Bildeserie:

Torsdagsklubben med konsert på Nore Neset (foto:AH)
Torsdagsklubben med konsert på Nore Neset (foto:AH)
Delar av Os Dixiana stilte som backingband (foto: AH)
Delar av Os Dixiana stilte som backingband (foto: AH)
Terje Neset er saman med Anne Leni Søfteland Sæbø musikalsk leiar (foto: AH)
Terje Neset er saman med Anne Leni Søfteland Sæbø musikalsk leiar (foto: AH)
Anne Leni fekk songarane med seg (foto: AH)

1 av 7

Torsdagsklubben er eit fritidstilbod for menneskje med funksjonshemmingar. Eit anna tilbod gruppa har er musikkterapi saman med Terje Neset og Anne Leni Søfteland Sæbø kvar tysdag. Torsdag blei det stor stemning i foajeen på Nore Neset Ungdomsskule då musikkgruppa skipa til konsert for foreldre, støttekontaktar og andre.

– I dag har vi òg gjestar frå Fusa og Tysnes i tillegg til våre eigne, fortalde Bente Borghild Hauge, fritidsleiar for utviklingshemma i Os kommune.

Konserten er eit årleg arrangement i regi av Torsdagklubben.

Fekk musikalsk backing

Det blei stor stemning og svingande rytmer då musikkgruppa med god backing av Os Dixiana klemte til for dei vel 100 tilhøyrarane.

– Musikk er eit universelt språk. Det er ikkje alle av dei som er med som har særleg til språk, men når Terje og Anne Leni drar dei med seg ser du at dei lyser opp og nynner med.

– Eg er utruleg glad for at vi har Terje og Anne Leni. Dei gjer ein fantastisk jobb med gruppa. At vi i tillegg har fått med oss delar av Os Dixiana i dag løftar det enno høgre, strålte Hauge, som hadde pynta lokalet med drueranker i haustfarger.

– Dei skal musikarane få som takk for hjelpa etterpå, avslutta fritidsleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.