Lokal | 20. juli 2009

Stranda i Alaska

Audun Nordhus ville bli den første til å ro over Beringstredet, men straumen tok for godt tak i oselvaren han tidlegare har rodd rundt Kapp Horn med.

Stranda i Alaska
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. juli 2009 20:20

Bildeserie:

1 av 2

Han har vore med på mykje før han i juli prøvde å bli førstemann til å ro over Beringstredet. Audun rodde og segla frå Sævareid til Skien med Terje Vibeto i 1995, noko som gav meirsmak og ideen om å ro til Shetland året etter, i ein oselvar.

Men Shetlands-turen enda med at han og Trygve Normann Michelsen blei liggande fem dagar i Nordsjøen utan mat og drikke.

- Det einaste vi fekk i oss var ein måse vi fanga og åt rå, og kondens som vi sleikte frå duken på redningsflåten. Det var godt å bli redda av fiskebåten som kom forbi fem dagar etter havariet, seier Audun Nordhus.

- Men heime hadde ho eg då var gift med, og våre tre ungar, som alle var mellom 10 og 20 år, blitt førebudd på at vi truleg ikkje kom til å bli funnen i live. Dei hadde til og med hatt minnestund, så det blei ein ny tidsrekning for oss, før og etter oppstandelsen, seier Nordhus og ler.

Leiteaksjonen var den største i Noregs historie.

Oselvaren blei redda
Audun har aldri konkurrert i roing, men han har rodd sidan han fekk sin første robåt som 12-åring.

- Det har aldri blitt regatta. Eg er nemleg ikkje så rask, berre veldig seig. Eg har aldri hatt førarkort heller, eg liker best å ta meg fram for eiga maskin.

Ekstremroaren kjem frå Stord, men flytta til Sørstrøno i 2001.

- Kollegaene mine i Nordsjøen spør om eg flytta til Os på grunn av oselvaren, men det var nok ikkje derfor. Eg trefte nemleg ei dame frå Fusa, så då passa det godt å bu i Os, forklarar han.

Oselvaren han havarerte i for 13 år sidan, blei funnen og frakta til Stavanger.

- Eg sit og ser på den no, den ligg utfor kaien her. Den eg blei skylt i land med i Alaska er det verre med, men om nokre eskimoar finn den så skal eg alltids klara å få den frakta heim.

Plan B
Han synes det er kjekt å gjera ting som ingen andre har gjort før. 9. mai 2006 rodde han rundt Kapp Horn i den same oselvaren som han tok med for å prøva å kryssa Beringstredet. Folk har padla over det 82 kilometer breie stredet før, men ifølgje Nordhus er det førebels ingen som har rodd over.

- Eg skulle eigentleg ro frå Russland til Alaska, men på flyplassen i Nome (Alaska) fekk eg ikkje fly vidare til Russland. Dei meinte at uansett kva papir eg hadde med meg, så ville ikkje russarane koma til å sleppa meg vidare. Så då blei det plan B.

Turen gjekk då nordover i Alaska, til Teller og Brevig Mission, og seinare til Cape Prince Of Wales. Eskimoane kappast om å hjelpa han, og å gje han husly då han kom til nye byar.

- Det var veldig interessant å vera blant lokalbefolkninga. Det var lite jakt på denne tida av året, men bra med fiske. Det var ikkje mange timar dei let garnet stå frå stranda før det var 40-50 laks på, og då ein av dei var tom for røyk kjørte dei i over to timar med ein 75 hk motor for å kjøpa røyk i Cape Prince Of Wales, fortel han.

Og det var i Cape Prince Of Wales turen starta, onsdag 8. juli.

Såg Sibir – hamna på stranda i Alaska
Nordhus rodde mot øyene som ligg om lag midt i Beringstredet, og sikta seg først inn på Little Diomede.

- Eg kom meg ikkje i land på Little Diomede. Det er tre sterke straumar i området, eg kom forbi dei to første, men ikkje den tredje. Straumen tok meg først sørvest, og eg var nær nok Russland til at eg såg Sibir, men så endra straumen retning til nord. Eskimoane sa at straumen kunne koma opp i 11 knop, og med drivankeret ute dreiv eg 4 knop.

Då han nærma seg land i Alaska igjen, 15 kilometer nord for staden han reiste frå, skjønte han at han ikkje hadde anna val enn å hoppa i sjøen.

- Stranda var langgrunn og bølgjene braut langt ute, så eg tok på meg overlevingsdrakta, knytte fast bagasjen min i meg sjølv og hoppa frå båten. På stranda var det kaldt, men eg fekk tak i helikopter med satellittelefon, så etter fire timar blei eg redda, fortel Audun.

Mange bilde og ein del film blei skadd i sjøen, men no er databrikkene sendt til eit firma som er ekspert i å redda slikt materiell.

- Eg håpar verkeleg eg dei klarar å berga noko, for eg har mange fine minne frå turen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.