Sport | 25. mai 2010

Strandliv i Barcelona

Storbyferie kombinert med forsmak på sommar? Barcelona har meir å by på enn La Rambla og Sagrada Familia.

Strandliv i Barcelona
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. mai 2010 05:18

Bildeserie:

1 av 31

Lista er lang over bygningar og museum som er verdt å besøka når du er i Barcelona. Men sjølv om du tar fri fredagen for å kalla turen for langhelg, er det grenser for kor mykje du rekk over, spesielt om du reiser frå regn og 8 gradar til ein etterlengta forsmak på sommar i 20 plussgradar ved sjøen.

Då set du like mykje pris på å slappa av på ein strandrestaurant som på å stå i kø utanfor ei kyrkje som ikkje er verdt å sjå innsida av.

Ikkje verdt køen
Dei fleste har høyrt om Sagrada Familia, kyrkja som den kjente arkitekten Antoni Gaudi (1852-1926) brukte 40 år på å jobba med, men som framleis ikkje er ferdig. Etter planen skal den stå ferdig i 2030, og utvendig er den litt av eit syn.

Men har du vore i St. Peterskirken i Vatikanet elle Il Doumo i Milano blir du skuffa om du kastar vekk ein halv formiddag på å stå i kø for å sjå innsida av Gaudis kyrkje. Ein ting er at den ikkje er ferdig, ein annan er at den ikkje liknar utsida i det heile tatt. Den er dessutan utan den stemninga det er i dei gamle kyrkjene i Italia.

Då kan du heller nøya deg med å sjå utsida før du stikk vidare til Parc de la Ciutadella, Picasso-museet, eit av utsiktspunkta eller Gaudis park, Parc Güell.

Presentabel sidan 1992
Vi fekk med oss La Rambla, Sagrada Familia og den koselege bydelen Barra Gòtic, men valte fort å følgja Christopher Columbus, som står nedst i La Rambla og peikar mot, ikkje byen, shopping og kulturlivet, men hamna, bydelen Barceloneta og stranda.

Før OL i barcelona i 1992 blei hamna rusta opp. Gamle fiskarskur blei rive, ny strandpromenada og nye hamner kom på plass. Framleis blir det bygd fleire nye hotell på og ved stranda, som har halde seg fin og attraktiv sidan verdseliten kjempa om OL-gull i byen for snart 20 år sidan.

Stranda, strandpromenaden og hamnegatene har yrande liv, men avslappande atmosfære. Alt ser framleis nytt ut, men går du eitt eller to kvartal inn i bydelen Barceloneta, så er du tilbake i tid. Her bur arbeiderklassen, dei fleste i små husvære på rundt 30 kvadratmeter. Og høgt mot skyene i dei smale gatene heng dagens klesvask til tørk.

Ein levande by
Barcelona er ein by vi hadde venta mykje av. Likevel blei vi imponert! Same kvar i byen vi var dukka det opp underhaldande innslag i gatene, operasongarar i smuga i Barra Gòtic, raggae-songarar i Port Vell, korps og capoeira-kamp i hamnegatene, og tett i tett med gjøglarar på La Rambla.

Barcelona er ein perfekt by for kombinasjon strand- og storbyopplevingar, men kan nok også vera ein fin by å ta ungane med til. Langs stranda er det fleire hotell, og fleire under bygging, likevel var det ganske romsleg og roleg i Barceloneta og resten av hamna.

I Port Vell er det dessutan både handlesenter, leikeplassar og Europas største akvarium.

Mat, shopping og transport
Lunsj blir servert frå rundt klokka 14 medan fleire restaurantar har stengt mellom klokka 16 og fram til middag i 20-tida. Blant spesialitetane det katalanske kjøkkenet er llagosta i pollastre, hummar og kylling.

Vi bestilte grilla hummar på ein av restaurantane i hamna og fekk, nettopp, grilla hummar. Den var ikkje marinert og var utan noko attåt. Ikkje saus, ikkje ris, ikkje brød. Det var rett før eg ba om ei skive med majones. Pass på kva som følgjer med retten!

Går du frå hamna opp La Rambla kjem du til Placa de Catalunya. Rundt den opne plassen ligg mange store kjøpesentre og kjente butikkar, her finn du det meste. Vil du ha noko meir spesielt, som hjelm og sko med piggar på, hippe klede eller ein kniv du neppe har lov til å ta med til Noreg, bør du ta ein runde i bakgatene mellom La Rambla og den gamle bydelen Barra Gòtic.

Du har mykje innan passeleg gåavstand i Barcelona, men legg du opp til å besøka mange kulturattraksjonar utanfor bykjerna kan du kjøpa T-10-billett. Den inkluderer 10 turar på metro, FGC pendlartransport og buss.

Barcelona er ein fin by å sykla i, og sykkelutleige er lett å finna. Men ikkje prøv deg på stativa med raude syklar, desse automatane er for fastbuande med månadskort.

Guide: Vi brukte Gyldendals Topp 10 Barcelona - den er lett å slå opp i og har sortert innhaldet sitt på ein fin og ryddig måte.

God tur!

Les òg:
Rocka reisebrev
Surfing i Danmark
Skisirkus i Saalbach
På Afrikas tak

Har du vore på tur og vil dela bilde og nokre ord om reisa med våre lesarar?
Ta kontakt med kjetil@midtsiden.no 907 89 270

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.