Kultur | 11. mai 2012

Strategispel blei film

Når Bygdekinoen kjem til Os søndag kan dei by på norrøne gudar og mindre venlege gjestar frå verdsrommet.

Strategispel blei film
Rihanna er ein av skodespelarane i "Battleship" (Foto/Copyright: United international pictures)
Kari M. Lyssandfredag 11. mai 2012 09:03

Søndag er det kino i Oseana igjen. Denne gongen er det barnefilmen "Tor med hammeren" som står på plakaten først på ettermiddagen, medan "Battleship" skal underhalda det vaksne publikummet.

Tor med hammeren

Det blir action for både liten og stor i helga. For dei yngste kjem filmen "Tor med hammeren" der Tor må kjempa mot dei mørke kreftene då venen hans Edda blir kidnappa og dei store kjempene kjem.

I landsbygda til Tor har dei ei legende om at Tor er son til Odin, så innbyggjarane lever i trua om at Odin passar på dei. Tor er ein ung smed med store draumar, men med ei mor som har andre planar for guten sin.

Då Hel, herskerinna over underverda, har onde planar som er til fare for både menneske og gudar, og Tor på tilfeldig (eller er det skjebna?) vis endar opp med øksa Mjølner, er det duka for mykje action og spenning.

"Tor med hammeren" er ein animasjon/familiefilm som har 7 års aldersgrense og norsk tale.

Battleship

Filmen "Battleship" baserer seg på Hasbro sitt klassiske marinestrategispel, og handlar om menneska sin kamp mot onde inntrengjarar frå verdsrommet.

Etter at menneska sender ut ein opptimistisk melding til verdsrommet, blir dei innvadert av fiendtlige romskip med avansert teknologi, som gjer enorme skadar rundt om på jorda.

Marina på Pearl Harbour på Hawaii gjer det dei kan for å slå tilbake. Brørne Alex og Stone Hopper (Taylor Kitsch og Alexander Skarsgård) blir sentrale i kampen som følgjer, der mannskap på fleire skip må bekjempe inntrengarane og finne ut kva dei eigentleg vil.

"Battleship" er ein amerikansk sci-fi/action/krigsfilm som har 11 års aldersgrense

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.