midtsiden

Strøkent sal på julemesse

Frå PC-vesker til heimelaga honning og tyske trefigurar, det er julemesse på AMFI Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag starta julemessa på AMFI Os, ei messe der eit vidt spenn av utstillarar og varekategoriar er for sal i fellesareala i senteret.

Vi var innom fredag ettermiddag, og fleire av utstillarane hadde fått ein god start på messa.

- Vi selte 14-15 deksel i går og 2 til no i dag. På dagtid er det mest eldre kundar som går forbi, dei er ikkje midt i målgruppa, seier Erik Vågen frå Tane UB.

Ungdomsbedrifta importerer iPhone-deksel som dei sel til veldig konkurransedyktige prisar.

Pusha pc-vesker
Frå inngangen ved Baker Brun gjekk vi vidare inn til fontena og heisen i 1. etasje. Her møtte vi jentene Emina Sivac, Svanhild Garvik og Camilla Lyssandtræ frå ungdomsbedrifta HandyBag.

- Vi importerer veskene frå Kina og har fått god respons. Fleire medelevar på Os vidaregåande skule har kjøpt frå utstillinga i kantina og her på senteret har vi til no selt tre vesker, fortel dei.

Tysk julestemning
Dei ser ut som om dei er henta ut frå ein Ivo Caprino-film fleire av trefigurane til Vidar Haugland.

Haugland er gift med ei dame frå Tyskland og ho har tipsa mannen om ei tradisjonsrik familiebedrift som produserer trevarer som er svært populære i heimlandet hennar, særleg før jul.

- Eg har fått mykje skryt for figurane, men det har førebels ikkje vore så stor omsetnad, fortel askøyværingen Vidar.

1,2 millionar summande vennar
Aud Solberg frå Solberg Bigård har hatt honningproduksjon som hobby sidan mannen starta med det i 1975. Aud kjem frå Samnanger og bur på Hamre i Fana, men kjører biene til Ulvik om våren og Øygarden om sommaren for produksjon.

- Om våren og sommaren lager dei sommarhonning, eller blomsterhonning, som mange kallar det. Om hausten lager biene lynghonning.

- Fortel litt om produksjonen.

- Vi starta med éin kube for 35 år sidan, no har vi 20 kubar. I kvar kube er det cirka 60.000 bier, og kvar kube produserer frå 5 til 30 kilo honning, mykje avhengig av vêr og temperatur.

- Om våren leige vi vekk biene til pollenering i Ulvik i Hardanger. Men vi reiser inn cirka kvar 12. dag for å sjå at ikkje dei svermar.

- Kva vil det seia?

- Om ikkje vi skraper vekk dronningcellene som biene lager blir det fleire dronning i same kube. Kjem det to  dronninger i same kube så stikk den eine, gjerne til eit tre i nærleiken, og fleire av biene følgjer etter. I så fall må vi henta svermen ned og laga ny kube til den delte gjengen.

- Klarer vi ikkje å henta dei ned igjen så har vi mista dei.

Aud har med seg ulike honningtypar og honning direkte frå kube. Solberg Bigård er blant fleire spennande utstillarar på messa, som varer ut dagen i dag.

Fleire saker