Lokal | 05. sep. 2013

Strøm-Erichsen besøkte Os vgs

Mykje informasjon – litt politikk: Os vidaregåande skule fekk forsvarsministeren til å føla seg heime.

Strøm-Erichsen besøkte Os vgs
Rektor Johan Henrik Lassen tok i dag imot forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) på Os vidaregåande skule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. sep. 2013 10:50

Bildeserie:

(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
Spørsmål frå salen. (Foto: KVB)
Spørsmål frå salen. (Foto: KVB)
– Takk! (Foto: KVB)
– Takk! (Foto: KVB)
– Bra møte, synest denne gjengen frå anlegg VKII. (Foto: KVB)
– Bra møte, synest denne gjengen frå anlegg VKII. (Foto: KVB)
1 av 10
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
(Foto: KVB)
Spørsmål frå salen. (Foto: KVB)
– Takk! (Foto: KVB)
– Bra møte, synest denne gjengen frå anlegg VKII. (Foto: KVB)

Det var ikkje akkurat dekka til fest for fint besøk då Os vgs i dag tok imot Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap), elevane hadde samla seg i verkstadhallen for å høyra på forsvarsministeren.

– Vi har mange elevar, dette er faktisk einaste plassen vi kan samla alle under same tak, sa rektor Johan Henrik Lassen før to svarte BMW-ar kom susande inn på plassen, den eine med Anne-Grete Strøm-Erichsen om bord.

– Nesten kvar enn eg kjem så blir eg tatt imot i ein hall eller i ein hangar, her føler eg meg heime, sa Strøm-Erichsen, etter å ha mottatt Kulturhistorisk Vegbok i gåve frå fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H).

Informasjon og reklame

Forsvarsministeren fortalte om Forsvaret, om omorganisering, kjøp av utstyr, modernisering og lærlingplass.

– Forvaret er ei stor lærlingbedrift med rundt 550 plassar for elevar innan teknologi, logistikk og leiarskap.

Men det var ikkje berre informasjon og reklame på planen, også funksjon, verneplikt og Syria blei tatt opp.

– Eg er stolt av vedtaket i vår om allmenn verneplikt, likestilt mellom kvinner og menn. Eg ser òg at mange foreldre, som er vant med at ein frå kvar husstand har avgjort verneplikt, på vegne av sine eigne unge sonar og døtre er interessert i innkalling no når det er færre plassar og berre rom for dei mest interesserte.

Om Syria forklarte Strøm-Erichsen om usemje i FNs Sikkerhetsråd, som må fatta vedtak for at det skal bli internasjonal inngripen mot den urett styresmaktene utset dei sivilie for.

– Dessuten er det omfattande å gripa inn. Syria er tett befolka, sivile kan bli ramma og konflikten kan breia seg til andre nasjonar.

Spurde om Afghanistan og Somalia

Då det blei opna for spørsmål frå salen var det særleg éin elev, som på vegne av ein klasse som tydelegvis hadde førebudd seg litt til møtet, stilte fleire spørsmål.

– Når det er sagt at vi skal ut av Afghanistan i 2014, kvifor sender de ned fleire soldatar no?

– Soldatane som er der no er på haltårskontingentar. Dei som reiser ned no er avløysarar for desse og det skal nye kontingentar ned over nyttår. Til neste sommar skal dei fleste heim, men spesialstyrkane, som driv opplæring av lokale soldatar blir verande ut året.

– Kvifor sender Forsvaret menige til teneste i Somailia?

– No er det svært sjeldan at menige blir sendt i utanlandsteneste, men du tenker kanskje på dei som utfører teneste på fregatten Fridtjof Nansen? Det er i så fall nokre få, erfarne menige som har søkt seg til denne tenesta sjølv.

Lite forsvarspolitikk i valkampen?

Etter stunda med elevane ved Os vgs fekk Midtsiden ein prat med forsvarsministeren.

– Det var mykje informasjon om Forsvaret i dag, og lite reklame for Arbeiderpartiet. Har du tid til dette fire dagar før valet?

– Eg er her for å snakka om Forsvaret. Men samtidig fortel eg om ei omfattande omlegging som vi har stått for, og som eg er stolt av, og eg reknar med at dei fleste elevane veit kva parti eg kjem frå.

– Nestleiar i Os Høgre, Olav Kvinge, er aktiv på Twitter der han ofte, gjerne medan det pågår debatt på TV, etterlyser diskusjon om tryggleik og forsvar. Saknar du også det?

– Ja, eg skulle også ønskt meg meir om forsvaret i debattane og i media. Det er eit viktig tema og noko vi bruker mykje skattepengar på. Årsaka til at det er lite debattert er kanskje det at vi lever i fred, at vi føler oss trygge i Noreg, men folk burde gjerne vore meir opptatt av tryggleik.

– Midtausten er ikkje langt unna og finanskrisa i resten av Europa kan også få mykje å seia for oss.

– Kva tema innan Forsvaret ville vore mest interessant å diskutera, kvar står dei raudgrøne og dei borgarlege lengst ifrå kvarandre?

– Det er mykje vi er veldig einige om, til og med allmenn verneplikt, der berre KrF stemte imot. Omstillinga i Forsvaret var det ikkje like mykje semje om.

– Det er fleire i Os som fryktar at midtre trasé skal bli valt for ny kyststamveg, og ei bru over Bjørnafjorden kan også koma i konflikt med Forsvaret sine interesser. Trur du Forsvaret kan bli avgjerande afktor i val av trasé?

– Haakonsvern er den største og viktigaste marinebasen i Norden og deira interesser står sterkt. Kor viktig Bjørnafjorden er for marinen er ikkje eg den beste å spørja om, men eg har forstått det sånn at kva type bru som eventuelt blir valt kan ha mykje å seia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.