Lokal | 16. juli 2019

Strønebrua skal rustast opp - blir lysregulert

Torsdag startar vedlikehaldsarbeid på brua. Mens dette pågår blir brua einvegskøyrd.

Strønebrua skal rustast opp - blir lysregulert
144 meter spenn: For å overflatebehandla hovudkablane under hengestangsfestene må hengestenger og hengestangsfester demonterast éin etter éin. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. juli 2019 07:53

Strøno bru skal i løpet av sommaren og hausten få oppgradering av overflater. I tillegg skal det utførast diverse anna vedlikehaldsarbeid.

– Jobben skal utførast av UniProtect AS, og dei går i gang med førebuande arbeid frå torsdag 18. juli, fortel byggeleiar Jan Ove Nygård frå Statens vegvesen.

Arbeida startar med bygging av stillas under kablane.

Luftig arbeid

Arbeidet som skal utførast består av fjerning av eksisterande overflatebehandling på bærekablar, hengestenger og hengestangsfester og påføring av ny overflatebehandling av desse.

For å overflatebehandla hovudkablane under hengestangsfestene, må hengestenger og hengestangsfester demonterast éin etter éin.

I tillegg skal boltar i øvre hengestangsfeste skiftast ut med nye boltar i syrefast stål.

Blir lysregulert i perioden

Strøno bru ligg på fylkesveg 160. Brua er ei hengebru som er 185,7 meter lang, med et hovudspenn på 144 meter. Brua består av stålbjelkar og betongdekke opphengt i spiralslåtte, lukka kablar med hengestenger.

I samband med arbeidet vil det bli bygd stillas og inndekking av hengestenger og kablar.

Av omsyn til den som skal utføra arbeidet og trafikantane må det setjast i verk tiltak for å sikre arbeidsområdet.

Brua vil bli einvegskøyrd, regulert av lyssignal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.