Studerer Steinneset i 13 timar
Os kommune har lagt opp til ein «langfredag» med workshop. Klokka 18 dag er det ope møte med debatt.
Bildeserie:
Administrasjon, politikarar, konsulentar og tre inviterte arkitektkontor er i dag samla i Os for å halda verkstad som start på moglestudie av Steinneset.
Bakgrunn: Dette prosjektet kan utløysa studie av Steinneset
Dagen starta med orientering om verdiar og mål med samfunssutviklinga i Os, og informasjon om senterstruktur, sentrumsplanen og det aktuelle området.
Etter pause har dei tre arkitektkontora; Eriksen Skajaa, April og CUBUS, introdusert seg sjølv og fleire arbeidsprøvar.
Arkitektkontora viser til prosjekt både på Island og Geilo, men òg i sentrum som liknar Os meir, både i storleik og med geografisk plassering ved fjorden og ved verna vassdrag.
Etter presentasjonane er det no tid for synfaring på Steinneset, så følgjer verkstad frå klokka 12 til 16, pause frå klokka 16 til 18 og ope møte med debatt i kommunestyresalen frå klokka 18 til 20.
Møtet bli avslutta med oppsummering mellom klokka 20 og 21 i kveld.
Midtsiden kjem tilbake om meir av kva som kom fram i møtet - og korleis det vidare arbeidet med moglestudiet skal gå.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.