Lokal | 15. okt. 2012

Stuepiker fann 267 gram

Dagen etter at politiet fann 10 gram amfetamin dukka det opp ein ekstra pose under madrassa. No er den kvinnelege gjesten dømt til fengsel.

Stuepiker fann 267 gram
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. okt. 2012 23:25

Laurdag formiddag 11. februar i år blei politiet varsal om mistanke om at det hadde vore røykt hasj på eit hotellrom på Solstrand.

Politiet rykte ut og fann 65 gram hasj, men gjestane var ikkje på hotellet. Politiet heldt rommet under oppsikt og i 22-tida kom ei kvinne og ein mann til rommet.

Då dei to blei tatt fann politiet til saman 10 gram amfetamin i skjortelomma til mannen og i toalettveska til kvinna. Mannen forklarte at det var kvinna sin amfetamin, noko ho var samd i, men han hadde det på seg då ho ikkje hadde lommer.

Dagen etter, då tilsette rydda rommet, fann dei ein pose under overmadrassa med heile 267 gram amfetamin.

Mannen blei dømt i tilståelsesdom i juni, kvinna si sak blei avgjort i Nordhordland tingrett 12. oktober.

Endra forklaring

Tiltalte, ei kvinne på 26 år frå ein kommune utanfor Os, møtte i retten og sa seg delvis skyldig.

12. februar forklarte ho at ho hadde fått rundt 300 gram å selja for å dekka narkotikagjeld, 15. februar forklarte ho at ho hadde mottatt 400 gram, men brukt 10 gram sjølv og selt rundt 40 gram. Resten hadde politiet tatt.

Men i retten forklarte ho at det var mannen ho var med som hadde amfetaminen, men at ho hadde tatt det på seg fordi ho skylda han pengar.

Retten festa lite lit til hennar forklaring og fann ho skyldig.

Kvinna blei dømt til fengsel i 1 år og 2 månadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.