Lokal | 25. okt. 2012

Stum eller dum?

"Stum" dørseljar blei finta ut av ung jente.

Stum eller dum?
Her på Lekven gjekk ein av dei "stumme" dørseljarane torsdag ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. okt. 2012 22:07

Torsdag ettermiddag har det vore fleire utanlandske seljarar og tiggarar på dørene til folk i Os, Midtsiden fekk meldingar frå både Lyssand, Lekven og Øyane i 16-17-tida.

– Vi har vore ute og snakka med nokre av dei, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Billigast i Noreg?

På Lyssand var det ein som viste ein lapp der det sto at han var ein polsk stum medisinstudent som ikkje hadde råd til å fullføra studiet.

– Om han har dårleg råd kvifor studerer han ikkje i Polen då, undrast innringaren.

Eit mirakel på Lekven

Til same tid, på Lekven, var ei ung jente åleine då ein annan utlending banka på døra.

– Han viste ein lapp der det sto at han heiter Peter og er polsk og var stum. Han trengte pengar til høyreapparat.

Jenta sa at ho ikkje hadde pengar i huset, og utan å veta det så vippa ho den "stumme" tiggaren av pinnen ved å seia "hade!".

– Trur du ikkje han svarte "bye!". Han var ikkje meir døv og stum enn at han tok høfleg farvel med dottera vår, ler faren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.