Lokal | 29. juni 2011

Styr med gebyr

Handelsstanden i Os har lengta etter orden på parkeringa i sentrum i lang tid. Då vakthald endeleg kom var det ikkje like velkome.

Styr med gebyr
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juni 2011 07:23

I dag er det to veker sidan parkeringsvert Elisabeth Thomassen blei operativ. Dei som etterlyste handhevinga mest er blant dei som er minst nøgd med at det no blir skrive ut gebyr til dei som står feilparkert.

Fleire næringsdrivande i sentrum har kontakta Midtsiden per telefon og epost. Dei er kritiske til startfasen på handhevinga av reglane og kommenterer i hovudsak sånn:

• Det burde vore betre informert at handhevinga av parkeringsreglane starta.
• Det burde blitt venta med å handheva 2-timarsregelen til sentrum var skilta og merka på nytt.
• Parkeringsvakta burde i aukande grad konsentrera seg om å informera, ikkje skriva gebyr.

– Å handheva grove brot på parkeirngsreglane burde det vore starta på for lenge sidan, men eg forstår ein del av reaksjonane, seier styreleiar i Os Sentrumsforening, Øystein Engevik.

– Sidan vi har sendt ut informasjon om komande nye reglar, ny skilting, einvegskjøring ut av Brugata og både 30-minutts-plassar, 2-timarsparkering, 3-timarsparkering og ny pendlarparkering ved Elvebakken – så burde det nok blitt venta med å handheva 2-timarsregelen.

– Kan ikkje gjera forskjell

Thomassen sa først at ho ikkje ville handheva 2-timarsregelen, med mindre det var grove overtramp. Ho skulle berre ta brot på vegtrafikklova, som det å stå nær eller på fotgjengarfelt eller å parkera der det er stoppforbod. Likevel blei det nokre gebyr på 2-timarsregelen òg.

– Årsaka er at eg ikkje har lov til å forskjellsbehandla. Skal eg skriva gebyr til ein bil som har stått tre veker på same plass, som enkelte har, og nabobilen har stått i fire timar, så må begge få gebyr.

2-timarsregelen gjeld frå klokka 8 til 17, dei plassane den gjeld. Det betyr at ulovleg langtidsparkering «byrjar på null» kvar morgon, dei som står fleire dagar blir ikkje større syndarar enn dei som står fleire timar.

– Regelverket er ganske komplekst, eg har ganske mykje å retta meg etter når eg først er operativ.

Få klagar

Kommunaldirektør Karl Ole Midtbø fortel at Os kommune har fått få klagar.

– Eg hadde ikkje trudd at dette skulle bli heilt støyfritt, men det som har kome har stort sett vore frå næringsdrivande, ikkje dei som har fått gebyr.

– At informasjonen kunne vore betre er nok rett. Men vi hadde eit stort press på oss til å byrja no, og når vi ser ein del av parkeringane det blir skrive gebyr på så viser det at behovet var der.

Parkering på stoppforbod og på eitt (eller to, som enkelte klarer) fotgjengarfelt er blant grove, men vanlege brot på reglane. Thomassen stadfestar at rundt 50 prosent av gebyra ho har skrive ut er på stoppforbod i Brugata.

– Vi har eit felles mål om å betra parkeringsforholda til kundar og brukarar av tenestene i Os sentrum, og det er vi i ferd med å nå. Endå betre skal det bli når vi får ny skilting, men dagens handheving er allereie med på å skapa orden og ledige parkeringsplassar.

62 til no

Tittelen til Thomassen er «parkeringsvert», ikkje parkeringsvakt. Har ho vore ein vert eller ein vakt til no?

– Eg har sikkert vore 90 prosent vert og 10 prosent vakt, mange har sloppe unna med ei åtvaring.

– Er ikkje dette å forskjellsbehandla?

– Dei som har vore i nærleiken av bilen fekk dei første dagane ei åtvaring. Men eg kan ikkje ringa til folk som står feilparkert.

Frå starten onsdag 15. juni til midt på dagen tysdag 28. juni hadde parkeringsverten skrive ut 62 gebyr.

– Eg synes det er ganske få. Eg går ikkje rundt på patrulje heile dagen, det er føringar for slike ting òg, folk skal få ein sjanse.

Kvar er langtidsparkeringa?

Både Thomassen og Engevik har inntrykk av at mange har sett seg inn i både dei komande reglane og kvar langtidsparkeringa er.

– Vi har hatt nokre som har fått gebyr for brot på 2-timarsregelen som har påstått at det har vore fullt på langstidsparkeringa, men det er tull, eg har sjekka fleire av plassane før eg har skrive ut gebyr.

Vil du parkera gratis lenger enn 2 timar? Her er dei sentrumsnære langtidsplassane:

• I Landboden ved Kløvertun/Os Fysikalske opp mot elva.
• I Landboden ved gymsalen til ungdomsskulen.
• Ved Fjellheim
• Ved Byvegen, nedanfor Jordmorsvingen
• Ved stasjonsbygningen og Vognhallen (når det ikkje er skulptursymposium).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.