Næringsliv | 21. feb. 2014

Styret har bestemt seg

Inwido har avgjort framtida for Lyssand-produksjonen – og siste produksjonsdag på Os.

Styret har bestemt seg
4. juli blir siste produksjonsdag på Lyssand (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 21. feb. 2014 11:50

Inwido, som eig Lyssand Treindustri, har i dag informert dei tilsette om at selskapet har tatt det endelege avgjerda om å flytta produksjonen frå Os til Lenhovda/Vetlanda i Sverige.

Det var på eit allmannamøte onsdag 15. januar at dei tilsette først blei informert om planane om flytting av Lyssand-produksjon.

Endeleg vedtak er no fatta av styret i Inwido.

– Gjennom ein god og tett dialog med dei tillitsvalde har vi blitt einige om ein økonomisk og sosial tiltakspakke for dei tilsette som er råka, fortel administrerande direktør, Espen Hoff, i ei pressemelding i dag.

Slutt 4. juli 2014

Produksjonen flyttar gradvis med siste produksjonsdag på Lyssand fredag 4. juli. Det resterande utstyret og inventaret vil bli fjerna i løpet av hausten.

– I den situasjonen vi no står i har det vore viktig for Inwido å samarbeida med dei tillitsvalgde om korleis vi kan bistå dei tilsette vidare.

– Eg er glad for at vi har funne fram til gode løysingar, som mellom anna inneheld hjelp til å finna nytt arbeid, fortel Hoff.

Får etterlønn og garantilønn

Hovudtillitsvald Dagfinn Mjånes seier i pressemeldinga at han er nøgd med avtalen dei har fått til.

– Vi tillitsvalgde har vore opptekne av å få på plass økonomiske og sosiale tiltak for dei tilsette.

– Eg er nøgd med at vi har fått ein avtale som inneheld ordningar knytt til etterlønn og garantilønn.

– Dei tilsette får no hjelp til å finna nytt arbeid. Vi har mange dyktige tilsette som bør vera attraktive for næringslivet i regionen, seier Mjånes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.