Sport | 14. jan. 2012

Styrkar stallen med Fyllingen-veteran

– Han er ein leiartype, seier Ørjan Sandal om Frode Bergum Hansen, siste skot på Lysekloster-stamma.

Styrkar stallen med Fyllingen-veteran
Frode Bergum Hansen (midten) går til Lysekloster. Her i hissig ordutveksling med Os-kaptein Stian Lunde på Varden i 2011-sesongen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 14. jan. 2012 18:41

Lysekloster har henta nok ein erfaren 2. divisjonsspelar, fredag kveld signerte dei kontrakt med Fyllingen-spelar Frode Bergum Hansen.

– Frode har vore visekaptein på Fyllingen i fleire år. Han er ein skikkeleg leiartype, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Bergum Hansen, som fyller 30 år i år, har spelt for Fyllingen dei siste 7 åra.

– Før den tid spelte han på Gjøvik-Lyn og Lillehammer. I Lillehammer spelte han saman med bror min, Thomas (som er aktiv spelar på Lysekloster, red anm), og det er medverkande årsak til at vi fekk huka tak i han, seier Sandal.

Frode er mest brukt i forsvar, men er ifølgje Lysekloster-trenaren ein spelar som taklar dei fleste roller på banen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.