Sport | 12. des. 2016

Styrkar stallen vidare

– Eg ser etter unge og svoltne spelarar, seier komande trenar Ruben Hetlevik etter Lysekloster sin sjette nysignering. Onsdag kan det koma éin til.

Styrkar stallen vidare
Thorvald Trætteberg signerte i kveld for Lysekloster. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. des. 2016 21:25

Thorvald M. Trætteberg (20) går frå Vard Haugesund til Lysekloster, melder lysekloster.no.

– Etter at eg i haust flytta til Bergen for å studera så har eg pendla heim for å spela med Vard, men trent med Åsane, fortel Thorvald til Midtsiden.

Trætteberg, som speler back og har hatt 44 kampar for Vard i toppen av 2. divisjon dei siste to åra, signerte kontrakt måndag kveld.

– Eg kunne jo, etter alt styret med trenarbyte, gått på prøvespel i Åsane i vinter, men eg har eit inntrykk av at Lysekloster både har ambisjonar og driv profesjonelt.

Hetlevik: – Eg er ein fotballnerd

Påtroppande trenar Ruben Hetlevik har førebels berre observert Lysekloster i trening, då Ørjan Sandal har kontrakt ut året. Men han har ikkje halde seg passiv på overgangsmarknaden.

– Eg er ein fotballnerd og følgjer med i fleire divisjonar og fleire avdelingar. Eg kjenner godt til Trætteberg frå før. Han har god fysikk, er spesielt god offensiv og han gjer smarte val.

Ser framleis etter fleire

Lysekloster har til no signert seks nye spelarar, inkludert keeper Frode Moberg Øvredal, som var utan kontrakt i 2016. Fire av dei fem andre har Hetlevik vore involvert i å henta til klubben.

– Vi ser etter spelarar som matchar klubben, spelarar som er unge og ambisiøse. Eg har starta bak, med defensive spelarar, men vi skal framleis ha fleire.

Pedersen, også han frå Vard (og SK Sotra), er førebels einaste nye angrepsspelar. Lysekloster har mista Ståle Steen Sæthre.

– Det er noko uvisse kring nokre av spelarane som er på kontrakt, kor mykje dei kan bidra i 2017, så vi skal framleis ha fleire spelarar. Allereie onsdag kan det koma éin til.

Frå før har Lysekloster fått tak i: Martin Pedersen (21) frå Vard Haugesund og SK Sotra, Joakim Helland (27) frå SK Sotra, Håkon Moldekleiv frå Nest-Sotra og den tidlegare norske landslagsspelaren (G16) Vladan Radojkic frå spanske Hercules Juv.

Midtsiden samleside: Lysekloster fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.