Arbeidet med Ulven transformatorstasjon starta i november i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Styrkar straumforsyninga i Os

Ulven transformatorstasjon skal senda straum i retning Lysefjorden, men blir ein styrke for heile kommunen.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I september 2015 kom konsesjonen, i november 2017 var det byggestart.

Ulven transformatorstasjon får ein prislapp på rundt 33 millionar kroner og blir med 132 kV den største trafostasjonen i Os etter Os trafostasjon i Borgavegen.

– Det er ikkje noko i vegen med dagens kapasitet, men tidspunktet for utviding er gunstig, med tanke på bygging av ny E39 frå Os til Fana og auka straumforbruk i åra som kjem, seier prosjektleiar Asgeir Norevik i BKK Nett.

Stasjonen er knytt til eksisterande straumnett ved å bygga ny 132 kV luftledning på 1,3 kilometer frå den eine av dagens linjer mellom Fana til Os. Straumkablar skal vidare opp Ulvenvegen og inn nye Skogafjellstunnelen til Endelausmarka. Det blir lagt ny jordkabel frå Kolskogen langs Ulven leir fram til Nore Neset.

Vil gi færre og kortare straumbrot

Like viktig som auka kapasitet er betra stabilitet større omkoplingsmuligheter i nettet.

– Etter at ny transformatorstasjon er i drift vil vi gjera visse oppgraderingar på Os transformatorstasjon, blant anna utvida frå 1 spole til 2.

Os får sokalla N minus 1, som gjer at det både vil bli færre straumbrot, færre som blir råka og kortare tid før straumen kjem tilbake. Tiltaket gir auka reserveforsyning internt  i kommunen, og ladepunkt for elferje fra Halhjem.

I drift seinast 1. november

Etter påfyll av masser og rydding av linje har bygginga av Ulven trafostasjon ved Ulvenskiftet kome godt i gang.

Det er utarbeidd ein eigen miljø-, transport- og anleggsplan for utbygginga. NVE set krav til innhald i planen, som skal sikra minst moglege negative konsekvensar for ytre miljø og samfunn, som Osvassdraget like ved.

– Det var litt krevjande grunnforhold, og fleire omsyn å ta, men til sjølve linja har vi brukt ein tidlegare trasé. Vi fekk dessutan demontert gamle 22 kV linjer, seier prosjektleiar Asgeir Norevik frå BKK Nett.

Arbeidet starta i november i fjor og er snart i sluttfasen. Den nye stasjonen skal setjast i drift seinast 1. november

Fleire saker