Sport | 06. apr. 2015

Styrte Åsane til siger i OBOS-debuten

Vegard Leikvoll Moberg og Åsane tok ein braksiger i serieopninga i ny divisjon.

Styrte Åsane til siger i OBOS-debuten
Vegard Leikvoll Moberg, her mot Brann 2 i 2013. (Arkivfoto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. apr. 2015 21:06

I dag blei serien i OBOS-ligaen sparka i gang.

Mens Brann spelte 1-1 borte mot Fredrikstad, utan osingen Fredrik Heggland i troppen, og Nest-Sotra med Bjarte Haugsdal tapte 1-2 borte for Bryne, vann Åsane heile 5-0 (3-0 til pause) heime over Levanger.

– Det såg kanskje ikkje ut som ein 5-0-kamp, men vi var kyniske og gode defensivt i dag, og klart best då vi fekk ballen ned. Levanger er eit veldig fysisk lag med mange høge og sterke spelarar, meiner Leikvoll Moberg om motstandarane.

Osingen spelte heile kampen, og frå start med kapteinbindet på. Men visekapteinen gav dette frå seg då Jahn-Ove Wiik kom innpå for Kevin Dure i 12. minutt.

– Kan slå kven som helst

Levanger er som Åsane ny i OBOS-ligaen.

– Vi var spente før seriestart, men vi har hatt ei god oppkjøring. I det siste har vi følt at vi kan spela ut kven som helst på dette nivået, fortel Vegard.

I dei to siste treningskampane står Åsane med til saman 11-1 i målforskjell.

– Det var mot 2. divisjonsmotstand, men viser likevel at vi er i form. Vi har dessverre hatt litt skadar i stallen i oppkjøringa, men desse er no i gang igjen og vi har ein brei og god stall.

Utan Lassen i første runde

Åtte av dei som spelte frå start i dag spelte også på Åsane i opprykkssesongen 2014, mens Kevin Dure, Joachim Soltvedt og Senai Hagos er blant dei nye.

Osingen Simen Helland Lassen var med i utgangspunktet med i troppen i dag, men var ikkje blant dei 18 på dommarkortet.

Lassen skåra eitt av måla i den siste treningskampen før seriestart.

Sjå tabell og terminlise, OBOS-ligaen (1. divisjon)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.