Sport | 31. aug. 2019

Styrte toppkampen, men måtte dela poenga

– Vi kan ikkje rekna med å skapa så mykje meir i ein kamp som denne.

Styrte toppkampen, men måtte dela poenga
Verken Simen A. Næss eller dei andre Lysekloster-spelarane klarte å skåra på Vard Haugesund i dag. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. aug. 2019 22:38

Bildeserie:

Lysekloster - Vard Haugesund. (Foto: Oddmund Lunde)

Gult kort i løpet av oppvarminga. (Foto: Oddmund Lunde)
Gult kort i løpet av oppvarminga. (Foto: Oddmund Lunde)
Lyskloster skapte nok målsjansar, men skåra ikkje. (Foto: Oddmund Lunde)
Lyskloster skapte nok målsjansar, men skåra ikkje. (Foto: Oddmund Lunde)
Lysekloster - Vard Haugesund. (Foto: Oddmund Lunde)
Lysekloster - Vard Haugesund. (Foto: Oddmund Lunde)
1 av 6

Lysekloster tok laurdag imot Vard Haugesun til toppoppgjer i 3. divisjon.

Kampen enda 0-0, men heimelaget var nærmast å ta poeng.

– Det kunne sjå ut som om Vard på førehand hadde sett seg nøgd med eitt poeng i denne runden, dei fora seg lite framover i banen og klarte ikkja å skapa noko på oss, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Djerv 1919 tapte for Stord laurdag, og ligg no 4 poeng bak tabelltoar Lysekloster.

Lite effektive

Lysekloster hadde to store sjansar før pause. Etter kvilen måtte Vard-keeperen i full strekk på frispark av Szymon Walczak, Thorvald Trætteberg spelte seg gjennom og innbytar Karol Zielinski var òg nær skåring.

– Vi var lite effektive framfor mål i dag, dessverre. Vi kan ikkje rekna med å skapa så mykje meir enn 5-6 store målsjansar i ein kamp som denne, då bør vi òg setja nokre av dei.

Toppkampen hadde bra vêr og godt med publikum.

– Eg håper dei synest det var ein underhaldande kamp sjølv om det ikkje var skåringar i dag, seier Ruben.

Vestfossen i neste runde

Denis Ljubovic var einaste på Lysekloster som fekk gult kort i kampen.

Lysekloster speler neste kampborte mot Vestfossen. Neste heimekamp går mot Fyllingsdalen om to veker.

Terminliste og tabell

Andre resultat frå 18. serierunde:
Stord - Djerv 1919 2-1
Bergen Nord - Fjøra 3-0
Valdres - Fana 0-5 (ikkje stadfesta)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.