Lokal | 09. juli 2017

Sumarnatt på Midtsæterfjellet

– Balsam for sjela, seier fotografane Liv-Randi og Oddmund om det å nyta naturen i Os.

Andris Hamresøndag 09. juli 2017 07:37

Tekst og foto: Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde

«Du skal ikkje sova bort sumarnatta» heiter det i songe. Det er klart at i ei ferietid er det fint å sova litt lengre enn elles, men ei natt ute kan nok vera balsam for sjela - anten det er under open himmel, i telt eller i gapahuk.

Her i Os har me mange moglegheiter. Me valte Midtsæterfjellet, som er relativt lett tilgjengeleg. Der får ei flott utsikt til alle kantar, frå Folgefonna i aust til Øyane, Austevoll og nokre av Bergens sju fjell i nordaust.

Det er stille, du kjem bort frå kvardagens støy. Først då oppdager du kva stillhet er.

Når det er på det mørkaste kan du, som me gjorde, ta eit par timar søvn, og stå opp igjen før sola, for å få med deg den opplevinga solloppgangen er.

Nyt den flotte og nære naturen me har her i bygda. Det er på denne tida at mange av våre ville dyr er i aktivitet. Eit kjapt møte med rev, hjort eller andre dyr er berre ein ekstra bonus med det å vera ute.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.