Sport | 11. apr. 2012

Sumte 200 kilometer

146 deltok i "Svøm deg til Rhodos"-kampanjen i Osbadet. Tom André Moberg Johansen sumte lengst, med eit snitt på over 2000 (!) meter per dag.

Sumte 200 kilometer
Tom André Moberg Johansen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. apr. 2012 15:53

Oppslutninga er stor om den riksdekkande symjekampanjen frå Norges Svømmeforbund, også i Os. I Osbadet har deltakartalet halde seg stabilt rundt 150, med cirka 100 som klarer kravet som skal til for å vera med i trekninga.

I 2010 og 2011 var det 150 og 159 deltakarar, i år prøvde 146 seg på kravet om å symja 10.000 meter frå 1. januar til 31. mars. Dei som er 13 år eller yngre trengte 2.500 tilbakelagte meter for å vera med i trekninga, som i år er tur til Rhodos.

Blant dei 87 som klarte krava i sin klasse blei Hanne A. Bøe trekt ut som vinnar i klassen frå 13 år og ned medan Tordis Drange er vidare i klassen frå 14 år og opp, melder Osbadet på eigne heimesider.

Fem fekk gåvekort

• Hanne sumte 31.400 meter (krav 2500) og kan vinna tur for ein familie til Rhodos.
• Tordis sumte 14.900 meter (krav 10.000)og kan vinna tur for to til same greske øy.

Rhodos-turen vinn dei først om dei vinn den riksdekkande trekninga frå symjeforbundet, men begge fekk kvar sine gåvekort på 500 kroner hos MX Sport.

Blant dei som klarte kravet har Osbadet i tillegg trekt to som får same gåvekort:
13 år og yngre - Agathe Lekven
14 år og eldre - Aina Tjosås

Sumte 2000 meter per dag

Tom André Moberg Johansen, som er eit av dei store talenta i Os Svømmeklubb, var den som sumte lengst i perioden. På tre månadar har den råsterke ungdomen (som fyller 15 år i mai) sumt 99.750 meter i Osbadet. I tillegg har han sumt på Slåtthaug og på Stord så den totale tilbakelagte distansen på 90 dagar er 183.250 meter.

Det utgjer eit snitt på over 2000 meter per dag! Tom André fekk også gåvekort av Osbadet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.