Sport | 31. juli 2011

Sumte til Fusa

Gudmund Snilstveit fekk fem symjarar med seg til å kryssa fjorden frå Os til Vinnesholmen.

Sumte til Fusa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. juli 2011 20:37

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Laurdag i 12-tida stilte fem menn og ei kvinne på Steinneset for å symja frå Os til Fusa.

– Det er noko eg alltid har hatt lyst til. Då eg bestemte meg for dato inviterte eg andre med via Facebook, og jaggu blei vi seks symjarar, seier ironman-utøvar Gudmund Snilstveit.

Les òg:
Slo nesten alle

Avstanden, i luftlinje, er 6,4 kilometer. Til samanlikning symjer ironman-deltakarar 3,8 kilometer før dei held fram med 180 km sykling og 42,2 km (maraton) løping.

Deltakarane

I tillegg til Gudmund sin fetter Gitle Snilstveit, som også deltar i ironman, fekk Gudmund med seg fire. Han fortel dette om dei andre deltakarane:

– Svenske Tobias Bonnedahl jobbar på Sandsli og driv også med ironman. Han kontakta meg tidlegare for å få nokon å trena med, og blei også med på denne turen.

– Ragnhild Viken er frå Voss og dreiv med syming då ho var yngre. Eg kjente ikkje ho frå før og frykta at ho kom til å bli hengande etter, men ho klarte seg bra og var ikkje sist i mål.

– Ove Borge er frå Bergen og han har sykla mykje. For nokre år sidan byrja han også med ironman.

– Per Gunnar Alfheim er ultrakonge og driv med 48-timarsløp. Han er ein seig jævel og ein morosam type, ler Gudmund.

Utan pause

Symjarane hadde to båtar og to kajakkar som følgte dei frå Steinneset forbi Sandholmane (300-400 meter styrbord for Sandholmane, som er cirka 2 km frå Steinneset) og vidare til Vinnesholmen.

– Vi hadde ikkje lagt inn noko teknisk kvil eller liknande, men alle fekk tilbod om å legga frå seg ein pose med mat og drikke i ein av følgjebåtane, og få påfyll på 2 km og 4 km.

På land på Vinnesholmen venta uansett eit velforten grillmåltid.

Sikk-sakk-fetter

Alle dei seks kom seg fint over fjorden på ei ganske jamn tid, førstemann på 2 timar og 18 minutt, sistemann på 2 timar og 45 minutt.

– Gitle starta først og kom sist i mål, men eg trur han sumte bortimot 10 kilometer. Han er nemleg ikkje så god på å halda stø kurs, så han var nesten innom Våge på veg til Vinnesholmen, ler Gudmund.

Sjølv kom han først i mål - men han er langt ifrå nøgd med tida.

– Eg kunne sumt mykje fortare om eg ville. Mesteparten av tida sumte eg med dei andre og såg at alle hadde det bra. Men den siste halvtimen gav eg gass, og då følte eg at det gjekk fort, så sånn sett er eg nøgd, seier jernmannen frå Fusa.

Wales neste

Gudmund var sjuk og presterte dårleg då han deltok i ironman i Sveits på forsommaren. No kjenner han formen byrjar å koma og ironman i Wales 11. september er neste store mål.

– No held eg på å bygga opp distanse på løping, samstundes syklar eg mykje. Det blri ein del syming òg, utanom sånne stunt som laurdag, og viss eg unngår sjukdom og skade før konkurransen i Wales så trur eg at det kan gå veldig bra, seier Gudmund Snilstveit.

Les òg:
Sumte Vinddalen på langs

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.