Kultur | 16. nov. 2013

Sundquist til Sælen Møbler

Treng statistar: I neste veke skal ein spelefilm basert på ei historie av Frode Grytten filmast på Sælen Møbler. Vil du koma på lerretet saman med Bjørn Sundquist?

Sundquist til Sælen Møbler
– No blir det to vittige veker i butikken, seier Arild, her bak kulissane som er sett opp 36 meter inn i butikklokalet. (Foto: Tommy Sælen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. nov. 2013 08:12

Delar av Gunnar Vikenes sin nye film, Her er Harold, skal spelast inn i Os, nærmare bestemt hos Sælen Møbler på Søfteland.

– Møbelforretninga passar veldig bra i forhold til historia og ligg praktisk til nær Bergen, seier koordinator i Mer film AS, Kathrine Liisberg Aune til Midtsiden.

– Vi takka naturlegvis ja, dette blir spennande, trur Arild Sælen fra Sælen Møbler.

Han legg til at butikken held open under innspelinga, som varer heile neste veke, bortsett frå om torsdagen, i tillegg skal det vera innspeling måndag i veka etter.

Treng statistar

Filmen, som har Bjørn Sundquist i hovudrolla, er ein fandenivoldsk komedie om den fallerte møbelhandlaren Harold Lunde, som reiser til Sverige for å kidnappa IKEA-gründer Ingvar Kamprad.

Manuset er basert på ei av forteljingane i Frode Grytten si bok, Saganatt (2011).

– Vi treng to statistar til opptaka i Os, og det kan gjerne vera lokale folk, seier Aune.

Selskapet er i hovudsak på jakt etter to vaksne, ei kvinne og ein mann, på mellom 30 og 60 år.

Er du interessert kan du kontakta Aune på epost kittaune@gmail.com.

Ombygging og action

Sælen Møbler er godt førebudd på opptaka.

– Det har vore folk her og sett opp veggar og skifta lysrør. Vi har no fullt dagslys inne i butikken, ler Arild.

Han håper kundane er tålmodige under innspelinga.

– Det skal visst bli ein del action under delar av opptaka, så det blir nokre større omveltningar i butikken, fortel han.

Her kan du lesa meir om filmen, Her er Harold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.