Superladarane har landa

Os får 14 ladepunkt av ny type frå Tesla.

Sju doble superladarar er levert ved Rema 1000 Kuven stasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. juni 2018 09:21

Bildeserie:

Os har fått ein nyare type Tesla Supercharger. (Foto: KVB)
Ein ny, stor transformator er bygd bak butikken. (Foto: KVB)
Kablar er trekte ut til sju doble stasjonar. (Foto: KVB)
Atle og Stig Ove Tjosås frå Hardanger Maskinstasjon AS. (Foto: KVB)
Supercharger kan toppa batteriet på ein Tesla på 30 minutt. (Foto: KVB)
Os har fått ein nyare type Tesla Supercharger. (Foto: KVB)
Ein ny, stor transformator er bygd bak butikken. (Foto: KVB)
1 av 5

For om lag ei veke sidan blei det stadfesta at den planlagte bygginga av stasjon for «Tesla Supercharger» kom i eit hjørne på parkeringsplassen til Rema 1000 Kuven stasjon.

Onsdag ettermiddag blei ladestasjonane leverte.

– Dette er den fjerde stasjonen vi bygger for Tesla, fortel brørne Stig Ove og Atle Tjosås frå Hardanger Maskinstasjon AS i Øystese.

14 ladepunkt

Men Tesla-ladepunkta i Arna, Norheimsund og Voss er ikkje heilt like med den som er i ferd med å reisa seg i Os.

– Det er den første vi bygger med denne typen ladepunkt, dette ser ut til å vera ein endå nyare variant.

Tesla Supercharger kan lada batteriet i ein Tesla til topps på 30 minutt.

Før ankomst av stasjonen er det bygd ein ny, kraftig transformator på staden.

Plassen får sju ladestasjonar, kvar med to ladepunkt. Entreprenørane, som forresten er brørne til kommunalsjef Aina Tjosås, reknar med å vera ferdig med arbeidet i Os om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.