Lokal | 15. feb. 2018

Susanne skal leia Bjørnafjorden Høgre

Susanne Sperrevik blei leiar då Os og Fusa Høgre fann kvarandre på valentinsdagen.

Susanne skal leia Bjørnafjorden Høgre
Ove Trellevik og Tom Georg Indrevik saman med nyvald leiar Susanne Sperrevik og nestleiar Arve Samnøy. Sperrevik med klubba ho fekk i gåve frå Hordaland Høgre (foto: Bjørnafjorden H)
Andris Hamretorsdag 15. feb. 2018 08:36

Det var flust av symbolikk då Bjørnafjorden Høgre blei stifta onsdag kveld. Møtet blei heldt på Bjørnefjorden Gjestetun og datoen var heller ikkje tilfeldig vald då to skulle bli ein.

– Vi måtte jo velja valentinsdagen når Os og Fusa skulle bli saman. Vi hadde lurt på om vi skulle ha møtet på ferja, men fann ut at det var ein bra symbolikk i å stifta Bjørnafjorden Høgre på Bjørnefjorden Gjestetun, fortel nyvald leiar Susanne Sperrevik.

Med seg i styret fekk ho Arve Samnøy (nestleiar), Hans Lygre, Sissel Stuberg, Lin Christin Anthun, Svein Atle Garvik og Bjørn Matland. Vararepresentantar er Roger Hoel, Lisbeth Lunde Axelsen og Kristin Søfteland Larsson.

I tillegg er det fleire andre som har roller i styret i form av sine verv som gruppeleiar, ordførar eller som leiar i sideorganisasjonane.

God stemning med Kahoot

Sperrevik fortel om eit godt stiftingsmøte kor stortingsrepresentant og medlem i kommunalkomiteen Ove Trellevik og nyvald leiar i Hordaland Høgre Tom Georg Indrevik helsa årsmøtet.

– Det var eit godt møte og god stemning. Eg opplever også at det er ein god atmosfære mellom medlemmane i Os og Fusa, så dette blir bra. Alt ligg til rette for eit godt samarbeid over fjorden.

– I tillegg til dei formelle tinga hadde vi også loddsal og Kahoot utforma som ei spørjeundersøking. Noko som var veldig nyttig for det nyvalde styret. Nokre av spørsmåla var meir opplagte enn andre, til dømes det om kven som blir ordførar i den nye kommunen, seier Sperrevik og ler.

Vil auka oppslutninga

Sperrevik har vore leiar i to år for Os Høgre før ho no blei vald som leiar av Bjørnafjorden Høgre.

– Det var veldig kjekt å bli vald. Eg trur at det i den perioden vi no skal inn i er ein fordel at eg har hatt leiarvervet ein stund med tanke på å kjenna organisasjonen både lokalt, regionalt og nasjonalt.

– Kva blir dei viktigste oppgåvene framover?

– Høgre har eit stort potensiale både i Os og Fusa. I dei nasjonale vala har vi ei oppslutning på omlag 30 %, men når det kjem til lokalvalet så ligg vi og vakar mellom 10 og 15 prosent. Det å få folk til å stemme Høgre også i lokalvalet blir det viktigaste.

– Det skal vi klare med å møte folk der dei er, snakka med dei og høyre kva dei er opptekne av. Vi skal føre ein ansvarleg politikk og prøve å ikkje lova noko vi ikkje kan halde, samstundes som vi skal ha visjonar og sjå framover for Bjørnafjorden kommune. Eg meiner samanslåinga av Os og Fusa er veldig positivt, både lokalt og nasjonalt. Vi treng ikkje eit kommunehus i kvar ei grend over heile landet, påpeiker den nyvalde leiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.