Sebastian Plätzer blir gratulert med tidleg 1-0-skåring i kvartfinalen til Os G13. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Suveren fram til semifinale

Bildeserie: Både Os G13 og Os G14 landa på topp 4 i Lerum Cup i Sogndal i helga.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søre Neset stilte med eitt lag i gutar 12, Os Fotball stilte med til saman 11 gute- og jentelag, der 13- og 14-åringane hadde sluttspel utover søndag ettermiddag og måndag.

Os stilte med tre lag i den 40 lag store G13-klassen. Os 1 vann pulja si med 17-0 i målforskjell på tre kampar, og tok seg til kvartfinale ved å slå Eidsvåg 4-1. Måndag morgon gjekk det endå betre, kvartfinalen enda med 6-1-siger over Varegg etter baklengsmål på straffe.

– Vi tok leiinga også i semifinalen, og eg følte at vi hadde grepet om kampen mot Fana, seier Kristen Hunnes, en av trenarane til Os G13.

– Men etter stolpeskot og tverrliggerskot hadde vi ein glipp bak, og gjekk til pause med 1-1. Det verka som om gutane blei stressa av ikkje å setja sjansane, og i tillegg få eit mål imot, og då andre omgang starta med endå eit mål imot så kom vi aldri heilt inn på rett spor igjen.

Det enda med 1-3-tap og bronsefinale. Gutane prøvde å laga opp med både kvile og godt måltid, men såg ikkje ut til å ha fått piffen tilbake då kampen om 3. plassen starta.

– Vi sleppte inn to mål på ti minutt, først byrja dei å få til spelet sitt. Vi løfta oss, men klarte ikkje å snu kampen.

Bronsefinalen enda 0-3.

Fleire oppturar for G14

Os stilte med to lag i G14, det det eine blei puljevinnar med 16-4 i målforskjell.

I sluttspelet tok dei seg til semifinale ved å slå Sogndal.

– Sjølv om også vi tapte semifinale (1-3 for Fagernes) og bronsefinale (1-3 for Langevåg) tar vi med oss mykje positivt frå denne turneringa, seier Kjersti Tysse Plätzer.

Ho trener gutane saman med Solfrid Vernøy. Os-kaptein Marius Mikkelsen er òg med som trenar, og mens Mikkelsen er i Russland for å sjå VM hadde gutane lova han å gjera noko A-laget til Os ikkje fekk til i fjor; å slå Brattvåg.

– Mot Brattvåg var vi spelemessig gode, då fekk vi til det vi øver på i treningsarbeidet, seier Plätzer om 5-0-sigeren.

Kampen mot Sogndal blei noko annleis.

– Gutane våre er ikkje spesielt tøffe i spelestilen, og får knapt eit frispark mot seg, men mot Sogndal blei det mykje fysisk, og der blei vi trenarar imponert over korleis dei kollektivt meistra utfordringa.

Os kriga seg til 2-1-siger, noko som fekk Kjersti og Solfrid til å koma med ei lita helsing til det dei skildrar som heilproft trenarapparat i ein mannsdominert klasse i cupen; «girl power!» sa eg då vi takka for kampen. Eg berre måtte! seier den tidlegare OL-medaljøren.

7-arlaget i G14 hamna i B-sluttspelet. Det var 8 lag i klassen, dermed var det rett i semifinale.

Etter 3-5-tap i semifinalen fekk dei likevel ei fin avslutting på cupen med siger i bronsefinalen, 4-1 over Lom.

Jenter 11 utan tap i turneringa 

9-arlaget spelte i ein klasse med 24 lag. Dei spelte jamne kampar, men tapte og hamna i B-sluttspelet, der Fana bydde på for mykje motstand.

To av jentelaga frå Os er gamle nok til sluttspel. Jenter 13 stilte, som gutar 14, med både 9-ar og 7-arlag.

7-arlaget landa på 4. plass etter seriespel mellom dei 7 laga i klassen. Etter tap i dei tre første kampane kom tre sigrar på rad. Siste kamp enda 0-0.

Av dei yngre laga var det fleire fine sigrar.

Søre Neset G12 starta med to sigrar, tapte to og avslutta med 7-2-siger.

Os J11 gjekk gjennom turneringa utan tap, men med to av fem kampar uavgjort.

Sosial suksess

12 lag frå Osbygda betyr over 120 spelarar, mange av dei med foreldre og søsken med på lasset.

Ved sidan av at spelarane har budd på skular, på stadion og på treningssenter rundt i kompakte Sogndal, som var rigga med tivoli og kvelds- og søndagsope Amfisenter, var det fleire vaksne som fekk samla seg for å sjå VM-kampar.

Den store, populære kinarestauranten Malin samla over 60 osingar på to langbord, i tillegg til fleire strødd andre stadar i restauranten, mens Sverige spelte mot Tyskland laurdag kveld.

Sjefssupportar Tore Kleppe og kona Annette frå kiosken på Kuventræ har, etter mange år på cup med eigne søner, det å vera heiagjeng som motiv for å koma til Sogndal denne helga. 

Også når kampane er over er Kleppe i storslag, men denne kvelden betydde litt meir for ein annan supporter, unge Sebastian Plätzer. Nokre av lagkameratane påsto at dei heia på Sverige for å terga sin halvtyske kamerat, men Sebastian, som skåra 6 mål på laget sine to første kampar same dag, lo sist også på kveldstid. Tyskland klinte som kjent til på overtid og vann 2-1.

Fleire saker