Suveren i serieopninga
Os overbeviste og slo Bjørnar med nesten 20 mål. Alle utespelarane teikna seg på skåringslista.
Etter ei hard oppkjøring med tøff motstand i treningskampar og NM var det laurdag tid for å opna serien. Os starta med heimekamp mot Bjørnar, eit lag som rykte ned frå 1. divisjon i vår.
– Etter å ha jobba hardt sidan mai var jentene klare, men spente. Bjørnar er nok litt svekka etter nedrykket, men slo Stord med 8 mål i NM, så vi visste ikkje heilt kva som venta oss i dag, seier trenar Torbjørn Bøthun.
Os brukte over 7 minutt på å skåra første mål, og brente to skot frå 7-metersmerket, men vann likevel suverent 32-14 (15-5)
Madeleine skadd i kneet
Madeleine Hjertnes opna målfesten og skåra seriens første Os-mål då ho 7,5 minutt ut i kampen utlikna til 1-1.
Resten av kampen leia Os, men tidleg i 2. omgang segna Madeleine om med smerter i kneet.
– Det var eit skår i gleda. Ho har ikkje vore skadd i kneet før og vi veit ikkje kva som har skjedd. Det såg ikkje bra ut, men vi får håpa at det ikkje set ho ut av spel så lenge, seier Torbjørn.
Tok styringa
Frå 1-1 gjekk Os opp i 4-1, 6-2 og 10-3. Os leia kampen ut og var aldri i nærleiken av å gje frå seg forspranget.
– Vi har mista så og seia alle frå 1. divisjonslaget og bygger no opp eit nytt lag frå botnen. Vi hadde venta mykje motstand, men det blei fleire mål imot enn kva vi hadde frykta.
- Vi hadde ingen innbytarar og prøvde å bruka lengst mogleg tid på angrepa våre. Men Os utnytta feila våre bra og har mange gode avsluttarar, meiner Bjørnar-trenar Rune Aase.
Alle skåra
Fleire av dei mange unge spelarane til Os var på banen i dag og likte nok godt å gå frå elitemotstand i NM til lett overkomeleg motstand.
– Dette blei ein god opning på serien for oss og det var kjekt å sjå at alle teikna seg på skåringslista. Vi var gode i forsvar frå start og Vibeke vakta buret godt, men det blei litt ukonsentrerte i angrep den første delen av kampen.
Irene lukkast med så og seia alle langskota sine og Elise kom sprettande inn frå ving med nettkjenning etter nettkjenning. Irene blei toppskårar med 9 mål, Elise skåra 6.
Os har no tre bortekampar i vente, den første mot Åsane allereie torsdag. Neste heimekamp er først 27. oktober. Den går mot Årstad.
Herrelaget til Os startar også serien heime. Dei tar imot Gloppen søndag 30.9 (kl 13.15)
Os - Bjørnar 32-14 (15-5)
Os: Vibeke Ingebrigtsen, Irene Tangerås 9, Elise Hjelle 6, Anna Bjørke Kallestad 4, Tonje Hjertnes 4, Emilie Hjertnes 3, Madeleine Hjertnes 1, Marte Haugsdal 1, Marie Stangeland Lunde 1, Marte Øvreeide 1, Vilde Fyllingen 1 og Vilde Brattabø 1.
Bjørnar: Marianne Urdal, AnneBirthe Korsmo 5, Kristin Bolstad 3, Birgitte L. Fjærestad 2, Tina Rosenvinge 2, Julie L. Sivertsen 2 og Silje Mykkeltvedt.
Tilskodarar: 124