Kultur | 25. sep. 2011

Suverene på heimebane

26 medaljar og publikumsrekord. Handbak-NM i Oseana blei ein kjempesuksess for Os.

Suverene på heimebane
Andris Hamresøndag 25. sep. 2011 06:47

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Sist dei arrangerte handbak-NM i Os, den gong i Symrasalen i Nore Neset Aktivietshus, kom det om lag 100 tilskodarar. Laurdag var meir enn 400 innom for å få med seg sterke menn og kvinner gjera opp seg imellom.

Då finalane starta laurdag ettermiddag var 250 ivrige tilskodarar på plass.

- Dette er jo kjempegøy! For ein publikumsidrett! blei det sagt i salen.

Meister mot meister

Slutten av filmen viser meisterfinalen, der noregsmeistrane kjempar mot kvarandre uavhengig av klasse og kjønn.

Dei lettare meistrane utfordrar dei tyngre. Øyvind Birkeland starta som forsvarar sidan han vann den tyngste klassa, men Frode Veim Haugland blei for tøff i den avgjerande superfinalen.

Veim Haugland gjekk heile vegen og forsvarte tittelen frå i fjor.

Ni noregsmeistrar frå Os

I NM blir det konkurrert i junior, kvinner og menn, i ulike vektklassar med høgre og venstre arm.

Veteran Arne Thuen vann vektklassen sin (-95) og Frode Veim Haugland vann med både venstre og høgre arm i -85 kilo, i tillegg til sigeren i meisterfinalen (open klasse - kun med høgre arm).

Her er noregsmeistrane frå Os 2011: Elisabeth Vik, Espen Bastiansen, Andreas Fagertun, Dan Jarle Køhler Raustein, Asle Kvamsdal, Frode Veim Haugland, Are Strønen, Øyvind Birkeland og Arne Thuen.

Fantastisk ramme

Med så mange tilskodarar og så stor stemning var det nesten så bryteforbundet (som organiserer handbakidretten) kunne tenkja seg å legga kvart NM til Os.

- Dette er ei heilt fantastisk ramme for arrangementet. Publikum ser godt med amfiet, det er mange av dei og stemninga er kjempegod, strålte David Eilertsen frå forbundet.

Ein av dei som har vore hovudansvarleg for konkurransen er leiar i handbak-klubben i Os, Tore Matre.

- Korleis synes du det har gått?

- Arrangementet har gått kjempebra. Mi eiga bryting gjekk ikkje noko særleg, seier Matre, og reknar med at det å vera arrangør har tappa han litt for krefter.

Suverent beste klubb

Os tok 13 gull, 9 sølv og 4 bronse og blei som i fjor og i 2009 suverent beste klubb med 226 poeng. På plassane bak kom Jølster med 90 og Bodø med 74 poeng.

Os stilte med 19 utøvarar i meisterskapen. Nedanfor finn du resultata for Os sine utøvarar.

(Her finn du resultat frå 2009 og 2010.)

Junior venstre arm - under 80 kg
1. Andreas Fagertun - Noregsmeister
2. Daniel Borge
5. Erlend H. Jertholm
6. Eivind Bøe Johannessen

Junior venstre arm - over 80 kg
3. Espen Bastiansen

Junior høgre arm - under 80 kg
1. Andreas Fagertun - Noregsmeister
2. Eivind Bøe Johannessen
3. Daniel Borge
7. Erlend H. Jertholm

Junior høgre arm - over 80 kg
1. Espen Bastiansen - Noregsmeister
5. Jon-Arne Rød

-------------------------------------------

Kvinner venstre arm - over 60 kg
1. Elisabeth Vik - Noregsmeister

Kvinner høgre arm - over 60 kg
2. Elisabeth Vik

-------------------------------------------

Menn venstre arm - under 65 kg
2. Dan Jarle Raustein

Menn venstre arm - Under 75 kg
4. Erik Bøe Johannessen
5. Andreas Bruarøy
6. Daniel Borge

Menn venstre arm - Under 85 kg
1. Frode Veim Haugland - Noregsmeister
2. Andreas Fagertun
5. Øyvind Gravdal
6. Sturle Hesjedal
10. Kjetil Nøstdal
13. Erlend Kvamsdal
17. Eivind Bøe Johannessen

Menn venstre arm - under 95 kg
1. Asle Kvamsdal - Noregsmeister
2. Ronny Bruarøy Risøen
7. Espen Bastiansen

Menn venstre arm - under 105 kg
1. Are Strønen - Noregsmeister
5. Ken Remy Kvamsdal

Menn venstre arm - over 105 kg
1. Øyvind Birkeland - Noregsmeister
4. Tore Matre

-------------------------------------------

Menn høgre arm - under 65 kg
1. Dan Jarle Raustein - Noregsmeister

Menn høgre arm - Under 75 kg
2. Erik Bøe Johannessen
3. Daniel Borge
7. Andreas Bruarøy

Menn høgre arm - Under 85 kg
1. Frode Veim Haugland - Noregsmeister
2. Andreas Fagertun
7. Eivind Bøe Johannessen
8. Jon-Arne Rød
10. Kjetil Nøstdal
13. Øyvind Gravdal
16. Sturle Hesjedal

Menn høgre arm - under 95 kg
1. Arne Thuen - Noregsmeister
2. Ronny Bruarøy Risøen
3. Asle Kvamsdal
8. Espen Bastiansen

Menn høgre arm - under 105 kg
1. Are Strønen - Noregsmeister
5. Ken Remy Kvamsdal

Menn høgre arm - over 105 kg
1. Øyvind Birkeland - Noregsmeister
4. Tore Matre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.