Svært glatt enkelte stadar
Regn og snøsmelting på kald bakke har gitt vekslande føre.


Det er eit lite vêromslag på gang. Etter ein månad med kuldegradar gjekk temperaturen i går rett over frysepunktet, i tillegg kom det litt regn.
– Vi har fått mange meldingar om glatt veg andre stadar, i Øygarden og Nordhordland spesielt, men berre éi meldin i Os, seier operatør på Vegtrafikksentralen.
Eit stykke av Lepsøyvegen, frå Lepsøy og inn til E39 Halhjemsvegen, har fleire ekstra glatte parti.
– Salt renn fort vekk når det kjem regn og snøen smeltar. Vi skal tipsa entreprenør om forholda på Lepsøyvegen.

Vinterferien er i gang. Den starta strålande, med blå himmel og 2-3 plussgradar.
Søndag er det meldt 1 til 2 plussgradar og sludd, måndag er det meldt 3-4 gradar og regn.
Tysdag skal få noko lettare vêr. Då kan det òg ha blitt ekstra godt skiføre i fjellet.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Windy.com





