Lokal | 12. juni 2009
Svært lokal skodde
Torsdag ettermiddag var det kraftig røykutvikling i ein bil på Byvegen.


Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juni 2009 14:38
Torsdag i 15-tida såg det slik ut utanfor Best-stasjonen.
- Føraren mista framdrifta, og då det kom røyk frå bilen svingte han inn på stasjonen, fortel mekaniker og innehavar Rolf Tveit.
Så utvikla det seg endå meir røyk. Føraren stoppa bilen og slo av tenninga, men bilen gjekk framleis.
- Truleg er det turboen som var øydelagt, slik at det kom olje rett i motoren. Då kan den gå lenge sjølv om tenninga blir slått av, seier Rolf.
Mekanikarane hans hjelpte til med å kvela motoren. Då stoppa også røykutviklinga, som ei stund var så voldsom at bilane på Byvegen måtte stoppa fordi førarane mista sikta.